Jeff Henderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeff Henderson
Statsborgarskap USA
Fødd 19. februar 1989 (35 år)
North Little Rock
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett innendørs 2010, VM i friidrett innendørs 2014, Panamerikanske leker 2015, Friidrett under Sommar-OL 2016

Jeff Henderson (fødd 19. februar 1989) er ein USA-amerikansk lengdehoppar som vart olympisk meister i øvinga i 2016.

Henderson forbetra i 2014 sin personlege rekord til 8,43 meter. Året etter presterte han livsbeste då han hoppa 8,52 meter og vann lengde-øvinga ved panamerikaleikane i Toronto. Under Sommar-OL 2016 hoppa han årsbeste 8,38 meter og sikra seg gullmedaljen, ein centimeter lengre enn sørafrikanaren Luvo Manyonga. Også under verdsmeisterskapen i Doha i 2019 gjorde Henderson årsbeste i finalen, 8,39 meter heldt til sølvmedalje.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]