Jeff Paris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jeff Paris er ein USA-amerikansk vokalist, klaverspelar og gitarist som hovudsakleg har spelt innan hardrock- og heavy metal-sjangrane.

Paris byrja i det ukjende bandet Pieces før han var studiomusikar på debutplata til Cinderella i 1986. Kring samstundes fekk han platekontrakt hos PolyGram Records og gav ut to soloalbum Race To Paradise i 1986,[1] og Wired Up 1987, men begge selde dårleg. I 1990-åra gav Paris ut tre soloalbum til: Lucky This Time (1993), Smack (1997) and Freak Flag (1998), og gjekk attende til arbeidet som studiomusikar og låtskrivar.

Som studiomusikar har Paris arbeidd md mange forskjellige band og artistar, som Vixen, Y&T, Michael Sembello, XYZ, Stevie Salas, Mr. Big og mange andre, hovudsakleg som klaverspeelar og korvokalist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard - Dec 27, 1986 - Page 71 «Finally, Poly- Gram's Jeff Paris was in working on his upcoming album with produsent/lydteknikar Tony Piat»