Jeff Simmons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jeff Simmons (fødd mai 1949 i Seattle) er ein rockemusikar og tidlegare medlem i Frank Zappa sitt Mothers of Invention. Simmons spelte bass, gitar og korvokal for gruppa i 1970 og 1971. Han slutta i The Mothers like før filminga av 200 Motels (der han i filmen er erstatta av sjåføren til Ringo Starr, Martin Lickert) i midten av 1971. Jeff kom seinare attende til gruppa i 1972 og 1973. Av Zappa og Mothers-album han spelte på var mellom andre Chunga's Revenge (1970), Waka/Jawaka (1972), Roxy & Elsewhere (1974).

Simmons er ein av berre få musikarar som har skrive songar i lag med Zappa. Samarbeidet deira «Wonderful Wino» finst på Lucille Has Messed My Mind Up og Zappa-albumet Zoot Allures frå 1975. Denne songen vart òg spelt inn på ny av Zappa med eit heilt anna arrangement på albumet Joe's Garage i 1979.

Simmons spelte med forskjellige grupper i Seattle-området i 1980-åra. Han er med i filmen Rock and Roll Mobster Girls frå 1988, som kom ut direkte på video. I 2004 gav Simmons ut albumet Blue Universe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]