Jefferson Airplane av Jefferson Airplane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jefferson Airplane av Jefferson Airplane
Studioalbum av Jefferson Airplane
Utgjeve 22. august 1989
Innspelt 1989
Studio The Record Plant i Los Angeles
Sjanger Rock
Lengd 54:33
Selskap Epic
Produsent Ron Nevison
Greg Edward
Jefferson Airplane
Jefferson Airplane-kronologi
2400 Fulton Street
(1987)
Jefferson Airplane av Jefferson Airplane Live at the Monterey Festival
(1991)


Singlar frå Jefferson Airplane
  1. «Summer of Love»
    Utgjeve: August 1989
  2. «Planes»
    Utgjeve: 1. september 1989
  3. «True Love»
    Utgjeve: 17. november 1989
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Classic Rock3/10 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[3]

Jefferson Airplane er gjenforeiningsalbumet til rockbandet Jefferson Airplane, gjeven ut på Epic Records i 1989.

Marty Balin, Paul Kantner, Grace Slick, Jorma Kaukonen og Jack Casady, som hadde spelt i lag på Surrealistic Pillow, After Bathing at Baxters, Crown of Creation og Volunteers kom alle saman for albumet og turneen som følgde, men Spencer Dryden vart ikkje beden med sidan Kantner framleis bar nag etter at Dryden hadde vore med på å gje Bill Graham sparken som manager i 1968.[4] Kenny Aronoff vart med bandet som trommeslagar for turneen og i studio. Før gjenforeininga hadde Paul Kantner, Marty Balin og Jack Casady turnert i lag i KBC Band og spelt inn KBC Band-albumet in1986. Grace Slick hadde nyleg gått frå Starship ette å ha sunge på albumet deira No Protection i 1987. Ho planla å trekke seg tilbake frå musikkindustrien. Jorma Kaukonen hadde spelt solo og i lag med Jack Casady som Hot Tuna. Kanter forlet KBC Band i 1987, men vart med Hot Tuna på turneen i 1987 - 1988 tour. Kaukonen inviterte Slick til å spele på ein konsert i at The Fillmore med Hot Tuna i 1988 der ho song harmonivokal på «Third Week in the Chelsea» og solovokal i lag med Kantner på «Wooden Ships». I 1989 vart Slick overtalt til å bli med b andet igjen og dei fem medlemmane kom endeleg saman att for å diskutere det framtidige albumet og turneen. Med seg på turneen hadde bandet i tillegg til Aronoff på trommer Tim Gorman på klaverinstrument (som òg hadde spelt i KBC Band), Randy Jackson på gitar, og bror til Jorma, Peter Kaukonen på gitar. Gorman og Jackson spelte ikkje på albumet. Albumet var produsert av y Ron Nevison, som tidlegare hadde produsert Jefferson Starship-albuma Freedom at Point Zero, Modern Times og Nuclear Furniture.

Kantner medverka med songen «Planes», som tidlegare hadde vore spelt live av KBC Band, og den første studioversjonen vart spelt inn for dette albumet. Den første musikkvioden laga for å promotere albumet var for «Planes» og vart mykje spelt på MTV i 1990. Singelen gjekk opp til 24. plass på singellista i USA for mainstream rock, sjølv om albumet berre nådde 85. plass. Balin-songen «Summer of Love» hadde òg vorte spelt live av KBC Band, og vart først spelt inn for dette albumet Songen hadde ikkje ein musikkvideo men nådde 15. plass på adult contemporary-lista i USA. Steve Porcaro og David Paich frå Toto skreiv den siste singelen, «True Love».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Planes (Experimental Aircraft)»  Paul Kantner 4:26
2. «Freedom»  Grace Slick 4:54
3. «Solidarity» (omsett av H. R. Hays)Bertolt Brecht, Marty Balin, Mark Cummings 5:08
4. «Madeleine Street»  Kantner, Balin 4:15
5. «Ice Age»  Jorma Kaukonen 4:16
6. «Summer Of Love»  Balin 4:15
7. «The Wheel (For Nora and Nicaragua)» (omsett av Margaret Randall)Kantner, ekstra tekst av Otto René Castillo[n 1] 6:08
8. «Common Market Madrigal»  Slick 2:46
9. «True Love»  Steve Porcaro, David Paich 3:43
10. «Upfront Blues» (instrumental)Kaukonen 2:02
11. «Now Is The Time»  Slick 4:53
12. «Too Many Years»  Kaukonen 4:10
13. «Panda»  Slick 3:37
  1. lånt med løyve frå diktet «For the Good of All»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Produksjon
  • Ron Nevison – produsent, lydteknikar, miksing
  • Greg Edward – produsent, lydteknikar, miksing
  • Jefferson Airplane – produsent
  • Jim Mitchell & Rumbo Recorders, Los Angeles – assisterande lydteknikar
  • Gina Immel – assisterande lydteknikar
  • Toby Wright – assisterande miksar
  • Trudy Green – management
  • Lynda Lou Bouch – produksjonskoordinator
  • Paul Jamieson – trommeteknikar
  • Don Barlow – gitarteknikar
  • Billy Goodman - utstyrmanager
  • John Danaher - klaverteknikar
  • Carl Studna – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1989 The Billboard 200 85

Singlar

År Singel Liste Plassering
1989 «Summer of Love» Adult Contemporary 15
1989 «Planes» Mainstream Rock Tracks 24

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. «Jefferson Airplane - Jefferson Airplane review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 21. juli 2011. 
  2. Farren, Mick (March 2012). «Jefferson Airplane - Jefferson Airplane». Classic Rock (168): 109. 
  3. Guterman, Jimmy (19. oktober 1989). «Jefferson Airplane - Jefferson Airplane». Rolling Stone. Henta 27. september 2015. 
  4. Tamarakin, Jeff (2003). Got a Revolution: The Turbulent Flight of Jefferson Airplane. Simon and Schuster. ISBN 0671034030.