Jefferson Davis
Utsjånad
| Jefferson Davis | |||
| | |||
| President i CSA | |||
| Periode | 18. februar 1861–10. mai 1865 | ||
|---|---|---|---|
| Parti | Det demokratiske partiet i USA | ||
| Fødd | 3. juni 1808 i Christian County i Kentucky | ||
| Fødestad | Fairview (Kentucky) | ||
| Død | 6. desember 1889 i New Orleans i Louisiana | ||
| Dødsstad | New Orleans | ||
| Mor | Jane Cooke | ||
| Far | Samuel Emory Davis | ||
| Ektefelle | Varina Howell | ||
| Barn | Varina Anne Davis, Margaret Howell Davis Hayes | ||
| Føregangar | Ingen | ||
| Etterfølgjar | Ingen | ||
Jefferson Davis (3. juni 1808–6. desember 1889) var ein amerikansk offiser, politikar og president for Sørstatskonføderasjonen. Han representerte det demokratiske partiet.
Davis var fødd i Christian County i Kentucky.
Han var senator i USA frå 1847 til 1851 og frå 1857 til 1861. Han var forsvarsminister i USA frå 1853 til 1857. Under den amerikanske borgarkrigen var han president for Confederate States of America (CSA), sørstatane i borgarkrigen. Han var president frå 1861 til 1865, då sørstatane måtte gje tapt for nordstatane i den amerikanske borgarkrigen.