Jeg har aldri vært så glad i noen som deg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Jeg har aldri vært så glad i noen som deg»
Singel av Kirsti Sparboe og Odd Børre
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1968
Låtskrivar(ar) Kari Neegaard

«Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» er ein song av Kirsti Sparboe og Odd Børre, gjeven ut i 1968. Han vart skriven av Kari Neegaard.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1968[endre | endre wikiteksten]

«Jeg har aldri vært så glad i noen som deg» deltok i Melodi Grand Prix 1968, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1968 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Kirsti Sparboe med eit lite orkester, og så på nytt av Odd Børre med eit stort orkester. Bidraget vann med 20 poeng; fire frå Ålesund, tre frå Stavanger, to frå Tromsø, Bodø, Trondheim, Bergen, Kristiansand og Oslo og eitt frå Vadsø.[1][2] Songen vart seinare anklaga for å vere plagiat av Cliff Richard-hiten «Summer Holiday», og Neegaard trekte attende songen før Eurovision Song Contest. Bidraget vart erstatta av andreplassen, «Stress», og dette er den fyrste og førebels einaste gongen vinnarsongen i Melodi Grand Prix ikkje har representert Noreg i Eurovision Song Contest.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norway 1968» (engelsk). esc-history.com. Henta 24. juni 2014. 
  2. «NORWEGIAN FINAL 1968» (engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 24. juni 2014.