Jeg vet om en gutt/jente

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Jeg vet om en gutt/jente»
Singel av Randi & Torill og Kari Medaas & Ivar Medaas
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1967
Innspelt 27. februar 1967 (Randi & Torill)
Selskap His Master's Voice (Randi & Torill)
Nor-Disc (Vestlandsduoen)
Låtskrivar(ar) Arne Bendiksen

«Jeg vet om en gutt» eller «Jeg vet om en jente» er ein singel av Randi & Torill (His Master's Voice AL 6146) og Vestlandsduoen (Nor-Disc NOR 146), gjeven ut i 1967. Vestlandsduoen var Kari & Ivar Medaas. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1967[endre | endre wikiteksten]

«Jeg vet om en gutt/jente» deltok i Melodi Grand Prix 1967, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1967 i Wien i Austerrike. Songen vart framført på norsk av Randi & Torill med eit lite orkester, og hadde då tittelen «Jeg vet om en gutt», og så på nytt av Vestlandsduoen ( Kari Medaas & Ivar Medaas) med eit stort orkester, då med tittelen «Jeg vet om en jente». Bidraget enda på femte- og sisteplass med eitt poeng; frå Trondheim.[2][3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP 1967» (på norsk). OGAE Norge. Henta 6. juli 2014. 
  2. «Norway 1967» (på engelsk). esc-history.com. Henta 22. juni 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1967» (på engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 22. juni 2014.