Jegosjikha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jegosjika
elv
Land  Russland
Lengd km
Kjelde Perm
Munning Kama
Kart
Jegosjikha
58°01′18″N 56°15′16″E / 58.021791°N 56.254315°E / 58.021791; 56.254315
Wikimedia Commons: Yegoshikha River

Jegosjika (russisk Егошиха) er ei elv i Perm i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.

Trass i at ho berre er 9 km lang er ho historisk viktig. Ho renn hovudsakleg gjennom sjølve byen Perm og spring ut frå eit skogområde nær bydelane Lipovaja Gora og Vladimirskiij. Elva renn langs Jegosjikha-ravinen, som deler Perm i to på venstrebreidda av Kama. To demningar og ei bru kryssar elva. Langs Jegosjika ligg mange små hus, Den sørlege gravplassen og Jegosjika gravplass. Jegosjika renn ut i Kama nær elvehamna Perm I.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første busetnaden ved Perm oppstod rundt Jegosjika og vart først skildra av Prokopij Jelizarov i 1647. Denne busetnaden vart seinare kalla landsbyen Jegosjika. I 1723 vart det oppdaga kopar her og Jegosjika koparfabrikk vart grunnlagd av Vasilij Tatisjtsjev ved breidda av elva. Han var leiar for Uralfabrikkane. Arbeidarne sine busetnader utvikla seg etter kvart til byen Perm.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Jegosjikha renn gjennom dei ytre delane av Perm, nær fleire industriområde og er forureina av industrielt avfall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. С. А. Торопов. Пермь: путеводитель. — Пермь, Кн. изд-во, 1986.