Jehovas vitne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jehovas vitne-møte i ein Salão do Reino (Rikessal eller Rikets sal) i Portugal.
Watchtower Bible & Tract Society i Brooklyn i New York er hovudkvarter for Jehovas vitne.

Jehovas vitne er eit internasjonalt og verdsomfattande trussamfunn. Jehovas vitne kallar seg kristne og baserer trua si på tekstane i Bibelen, slik desse vert tolka av trussamfunnet si leiing i Sambandsstatane. Dei har ei lære som skil seg vesentleg ut frå dei fleste andre kristne trussamfunna, som dei òg markerer avstand til. Jehovas vitne ser sin religion som den einaste sanne.

Jehovas vitne er vidkjende i Noreg og store delar av verda for omfattande misjonsverksemd ovanfor alle som ikkje høyrer til trussamfunnet. Dei kallar seg Jehovas vitne fordi dei meiner at Jehova er det rette namnet på Gud.

Jehovas vitne har om lag 8,3 millionar medlemer.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

'"Den gylne tidsalder. Dansk magasin frå 1934.

Den unge Charles Taze Russell danna i byrjinga av 1870-åra ei bibelstudiegruppe i Allegheny i Pennsylvania i USA. Med tida voks gruppa, og medlemmene vart med tida kalla «Dei Internasjonale Bibelstudentane». I 1931 hadde trussamfunnet, som no var ein internasjonal, religiøs organisasjon, namnet Jehovas vitne. Dei meiner at deira tru og handlingar ikkje representerer noko nytt, men er ei gjenoppretting av kristendomen frå det første hundreåret.

Bibelstudentane grunnla òg Watch Tower Bible and Tract Society (Vakttårnets bibel- og traktatselskap). Det vart registrert i 1884, og Russell vart president i dette selskapet.

Jehovas vitne har oppover i historia vorte utsette for forfølging og motstand i mange land. Under krigen døydde mange av dei i Nazi-Tyskland sine konsentrasjonsleirar.

Teologi[endre | endre wikiteksten]

Lærar og elev i bibelstudiar.

Namnet Jehova[endre | endre wikiteksten]

Jehovas vitne meiner namnet Jehova er ei form av JHVH (hebraisk: יהוה), som er stavinga av Gud sitt namn i Det gamle testamentet.

Jehovas vitne meiner at dei første kristne gjorde som israelittane i gammal tid, og brukte Guds namn JHVH i tilbedinga. Dei har derfor gjeninnført namnet også i Det Nye Testamentet, sjølv om tetragrammet JHVH ikkje finst i den greske grunnteksten.

Jesus Kristus[endre | endre wikiteksten]

Jehovas vitne meiner at Jesus Kristus var guddommeleg, og son til Gud, men at Jesus er underordna Gud. Dette er ulikt andre kristne gruppers kristologi, som seier at Faderen og Sonen er same Gud. Jehovas vitne lærer at Jesus er den same som erkeengelen Mikael; han var Mikael før han kom til jorda, og han blei Mikael att etter at han steig opp til himmelen. Jehovas vitne meiner at Gud øydela Jesu jordlege lekam og at Jesus stod opp att med ein andeleg lekam. Dei meiner òg at Jesus vart avretta på ein staur og ikkje på ein kross. Ordet «kross» er difor byta ut med «pæl» i deira bibelomsetjing.

Frelse[endre | endre wikiteksten]

Vitna har sidan 1930-åra trudd at 144 000 personar vil kome til himmelen, mens resten av Guds tenarar vil få leve evig på jorda i framtida. Dei som ikkje er medlemer, vil verta utsletta under Harmageddon.

Blodoverføringar[endre | endre wikiteksten]

Vitna meiner blodoverføringar ikkje er tillete etter Guds lov. Dei nektar derfor å akseptere medisinsk behandling som involverer blodoverføring.

Teneste[endre | endre wikiteksten]

Evangeliserande Jehovas vitne.

Vitna er kjende for sitt internasjonale, nært knytte brorskap. Dei tar avstand frå feiring av jul, bursdagar og andre ikkje-bibelske skikkar. Dei er militærnektarar og deltek ikkje i offentleg politikk. Dei har forbod mot å eta blod og mot å bruke tobakk.

Det er venta at alle medlemar skal vera forkynnarar som deltek i evangelisering ved å oppsøkja folk i heimen og på gatene. Litteratur, til dømes blada Vakttårnet og Våkn opp!, som kjem ut på ei rekkje språk, vert delt ut gratis som ein del av forkynninga deira.

Dei praktiserer offentleg dåp ved fullstendig nedsenking i vatn. Barn, så vel som nye medlemar, kan tene som «udøypte forkynnarar» fram til dei vert døypte.

Dei held møte tre gonger i veka, to gonger i forsamlingslokalet Rikets sal og ein gong i private heimar, og held større stemne tre gonger i året. Dåpen går vanlegvis føre seg på desse stemna. Dei feirar nattverd, eller «minnehøgtid», berre ein gong i året.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Heile trussamfunnet vert leia frå hovudkontoret i Sambandsstatane, der ei gruppe godt vaksne eller eldre menn utgjer det internasjonale styrande råd. Dei har hovudansvaret for å administrere vitna si verksemd. I byrjinga var det styrande råd identisk med styret for Vakttårnselskapet. Dette vart endra i 1970-årene, og selskapets styre vart skilt frå rådet i 2000.

Kvar forsamling utnemner kvalifiserte menn til «eldste»; tittelen prest er ikkje nytta. Det er spesielt dei eldste som er ansvarlege for disiplin og forkynning. Reisande tilsynsmenn vitjar forsamlingane to gonger i året på vegne av organisasjonen.

Det finst i dag meir enn 119 485 forsamlingar fordelt over heile verda.

Jehovas vitne i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Hovudsenteret til Jehovas vitne i Noreg ligg i Enebakk. Deira omsetting av bibelen, Ny Verden-oversettelsen, kom på norsk i 1996.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 2017 Yearbook of Jehovah's Witnesses, s. 176: "Peak of Publishers in Kingdom Service — 8,340,847.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]