Jekaterina Jurjeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jekaterina Jurjeva


Statsborgarskap Russland
Fødd 11. juni 1983 (40 år)
Tsjajkovskij
Idrett skiskyting

Jekaterina Valerjevna Jurjeva (fødd 11. juni 1983) er ein russisk tidlegare skiskyttar frå Tsjajkovskij som vart verdsmeister på 15 km i 2008. Sidan vart ho to gongar utestengd frå idretten etter dopingbruk, siste gongen til 2025.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jurjeva tok sine tre fyrste pallplasseringar i verdscupen i skiskyting i 2007-sesongen. Same sesongen kom ho på femteplass i fellesstarten under skiskytings-VM i Antholz. Sesongen etter kunne ho stige på pallen etter seks av renna i verdscupen, ho tok sin fyrste verdscupsiger då ho gjekk til topps på 15 km i Pokljuka 13. desember 2007. Høgdepunktet kom då VM 2008 vart avvikla i Östersund, der ho vann gull på 15 km, sølv på jaktstarten og bronse i fellesstarten.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Den 4. desember 2008 leverte Jurjeva ei positiv b-prøve på EPO. Ho vart i ettertid stengd ut frå aktiv skiskyting i to år, same straffa fekk også landslagekollegaene Albina Akhatova og Dmitrij Jarosjenko. Då utestenginsperioden var over, byrja Jurjeva å tevle att. Sidan hamna ho langt nede på resultatlistene i verdscupen. Vinteren 2014 vart det kjend at ho på ny var hekta for EPO-bruk. Fyrst vart utestengd frå skiskyting i åtte år, til sist lengd til tolv år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]