Hopp til innhald

Jeksel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jeksel

Detaljar
LatinDentes molares
Klassifikasjonar og ressursar
TAA05.1.03.007
FMA55638
Anatomisk terminologi

Jeksel, eller molar, er den bakre tanntypen til pattedyr. Ingen andre av tennene har ein så komplisert bygning som dei. Hjå dei fleste pattedyr blir jekslane nytta til å tygga. Det latinske namnet molares kjem av mola, som tyder ‘møllestein’. Saman med framjekslane utgjer dei kinntennene.

Jekslar hjå menneske

[endre | endre wikiteksten]

Vaksne menneske har opptil 12 jekslar, fordelte på tre i kvar halvdel av over- og underkjevane. I motsetnad til dei andre tennene hjå pattedyr, blir ikkje jekslane skifta ut. «Mjølkejeksler» (1- og 3-årsjeklslane) er framjekslar som sidan blir bytta ut, den fyrste verkelege jekselen kjem fyrst rundt 6-årsalderen og heldt heile livet.

Den bakste tanna i denne rekkja blir kalla visdomstann og er den siste tanna som kjem. Ho bryt gjerne fram i 20-åralderen. Variasjonane er store når det gjeld desse tennene, og mange får ikkje visdomstenner i det heile. Det varierer òg mellom folkegrupper, hjå inuittar får til dømes nesten ingen visdomstenner. Hjå nokre personar kan det òg koma ekstra jekslar bak visdomstanna. Hyppigheita av slike ekstra tenner er frå 0,1 til 3,4 prosent, avhengig av folkegruppe.[1]

Jekslar hos andre pattedyr

[endre | endre wikiteksten]
Kinntenner frå gris viser dei ekstremt buenodonte («kulete») jekslane i svinefamilien.

Det finst mange former for jekslar hos ulike pattedyr, kvar med sitt spesielle namn:[2]

  • Tribosphenisk: Denne typen tenner er den primitive fasongen på kinntenner hjå pattedyr, men finst i dag berre som mjølketenner hjå nebbdyr.[3] Den øvre tanna har tre piggar på rad, den nedre to piggar og ein litt til sida, slik at øvre og nedre tann passar i kvarandre.
  • Quadrate: Fire spissar er arrangerte meir eller mindre i ein firkant, ein femte spiss kan førekomma. Denne typen tenn finst hos menneske og andre altåtere.
  • Bunodont: I staden for å vera spisse er forhøginga på tennene avrunda. Heile tanna er dekka av emalje. Bunodonte tenner har gjerne eit quadrate-mønster, som hjå menneske, piggsvin og bjørn. Grisar har ei ekstrem utgåve av bunodonte tenner.
  • Hypsodont: Mye emalje og dentin stikk opp over tannkjøttet og nerven. Denne typen tenner finst gjerne hos dyr som slit tennene hardt, slik som hestar.
  • Zalambdodont: Dentin og emalje ligg i lamellar, som slit forskjellig og dannar riller. Tenner har to forhøgde riller som kjem saman i ein vinkel, som den greske bokstaven lambda (ein opp-ned V). Dei finst i dag berre hos furespissmus og gullmoldvarp.
  • Dilambdodont: Som zamblodont, men det er to lambdaer på rekkje (som ein W i staden for ein V), finst hos spissmus, moldvarpar og mange insektetande flaggermus.
  • Lophodont: Tanna har få men kraftige riller på tvers av tannrekka.
  • Selenodont: Tanna har ei halvmåneforma rille eller riller. Slike tenner finst hjå kvegdyr og hjortedyr.[4]
  • Loxodont: Tanna har ei serie skråstilte, parallelle riller på overflata. Afrikansk elefant, slekta Loxodonta, har fått namnet sitt på grunn av tennene sine. Tilsvarande tennar finst hjå enkelte gnagarar, blant anna flodsvin.
  1. Kokten G, Balcioglu H, Buyukertan M. (2003): Supernumerary Fourth and Fifth Molars: A Report of Two Cases. Arkivert 29. august 2017 på Wayback Machine. Journal of Contemporary Dental Practice, no 4 (bind 4), side 067-076.
  2. Myers, P., R. Espinosa, C. S. Parr, T. Jones, G. S. Hammond, & T. A. Dewey. «The Diversity of Cheek Teeth». Animal Diversity Web. University of Michigan, Museum of Zoology. Henta 6. august 2013.
  3. «Evolution of the Tribosphenic Molar Pattern in Early Mammals, with Comments on the “Dual-Origin” Hypothesis» (PDF) 18. doi:10.1007/s10914-011-9168-8. Henta 6. august 2013.
  4. Fosse, G. «Tenner og tannbestemmelse hos vanlige norske pattedyr». Naturhistorisk museum, UiO. Henta 6. august 2013.