Jektgaleas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jektgalias)

Jektgaleas var ei jekt som var rigga om til galeas, ved at det vart montert mesanmast. Stormasta vart då ofte flytta litt framover; om ho ikkje vart det risikerte ein at fartøyet vart «logjerrig» (baugen trekke opp mot vinden)[1]. Når fartyet fekk to master vart seglarealet fordelt på dei to mastene, slik at arealet på storseglet vart noko redusert og difor lettare å handsama. Ein annan grunn til å nytta to master kunne vera at det var vanskeleg å finna stort noko mastemne.

Ein vanleg galeas har snesegl både på stor- og messanmasta, men når ei jekt vart omrigga hende det at ein i staden for å kosta på bom, gaffel og nytt storsegl nøydde seg med å redusera arealet på råseglet. Men den høge jektestamnen vart kappa og det vart montert baugspyd og stagsegl. Ein vanleg galeas, der stormasta var gaffelrigga (som på ei jakt), vart av og til kalla ein «jaktgaleas».

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gøthesen, G., Norske båter, bind II: Norskekystens fraktemenn, Grøndahl, 1980.