Jektvika i Rødøy
Jektvika | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Rødøy | ||
Postnummer | 8187 JEKTVIK | ||
Preposisjon | i Jektvika | ||
![]() Jektvika |
Jektvika eller Jektvik er ei bygd og ein ferjestad som ligg langs kystriksvegen på sørsida av fjorden Værangen i Rødøy kommune i Nordland. Bygda er eit knutepunkt som ligg sentralt i kommunen, og har eigen barnehage og skule, grendehus og kafé. Bygda har òg eigen butikk. Denne gjekk konkurs i 2009,[1] men skifte eigar og starta så opp att.[2]
Når ein køyrer langs kystriksvegen er ein avhengig av ferja Jektvik-Kilboghamn for å koma seg vidare, så denne ferjestrekninga kan vera sterkt trafikkert sommarstid. Ferja kan òg leggja til kai ved Bygda Sørfjorden på denne overfarten. Jektvik har òg ferjesamband til diverse øyar i kommunen; det går nesten dagleg ferje til Gjerøya, Rødøy, Selsøyvik, Storselsøy og Nordnesøy herifrå.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Yngve Brox Guldbjørnsen for Meløyavisa, 18.06.09: Jektvik handel konkurs[daud lenkje]
- ↑ Yngve Brox Guldbjørnsen for rodoy.kommune.no: Jektvikbutikken åpen igjen., arkivert frå originalen 2016-03-05, henta 11. mai 2010
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |