Jelena Nikolajeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jelena Nikolajeva


Statsborgarskap Russland
Fødd 1. februar 1966 (58 år)
Mariinsko-Posadsky District
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Utmerkingar

Æresordenen, Fedrelandets fortjenstordens medalje av 2. klasse, Idrettens mester i Sovjetunionen, orden «Za zaslugi pered Tsjuvasjskoj Respublikoj»

Jelena Nikolajevna Nikolajeva (fødd 1. februar 1966) er ein russisk friidrettsutøvar frå Akshiki i Tsjuvasjia som i 1996 vart olympisk meister i 10 km kappgang og i 2003 verdsmeister i 20 km.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nikolajeva gjekk inn til femteplass i meisterskapsdebuten ved VM 1987. Fem år seinare fekk ho sølvmedaljen i kappgang under dei olympiske sommarleikane i Barcelona, slått med eitt sekund av Chen Yueling frå Kina. Både ved europameisterskapen 1994 og verdsmeisterskapen 1995 kom Nikolajeva i mål til ein bronsemedalje, høvesvis sju og seks sekundar bak vinnarane i tevlingane.

Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 vann Nikolajeva gullmedaljen med god margin til dei andre medaljevinnarane. Der etter gjekk seks år før ho på ny blanda seg i medaljekampen i dei store meisterskapane. Ved EM 2002 i München fekk ho sølvmedaljen, 13 sekundar føre italienske Erica Alfredi, men langt bak si eiga landskvinne Olimpiada Ivanova. Året etter kleiv Nikolajeva under VM i Paris heilt til topps på sigerspallen etter kappgangøvinga, som frå 1999 gjekk over 20 kilometer, mot tidlegare 10 km for kvinner.

Omframt dei internasjonale meisterskapsmedaljane utandørs, vann Nikolajeva gull i innandørs-VM 1993 på 3 km og ho sigra i tevlingane om europapokalen 2003 og verdspokalen 2004.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]