Jelena Porsanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jelena Porsanger
FøddJelena Sergejevna Semjasjkina
1967
NasjonalitetNoreg, Russland, Sovjetunionen
Yrkeforskar, etnograf, rektor
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø

Jelena Porsanger (fødd i 1967 i Loparskaja i Sovjetunionen) er ein forsker innafor samisk kultur og historie. Ho var rektor ved Samisk høgskole i Kautokeino frå 2011 til 2015.

Jelena Porsanger voks opp i landsbyen Loparskaja i innlandet av Kolahalvøya,[1] sentralt i det kildinsamiske området. Familiebakgrunnen hennar er likevel frå det skoltesamiske området nær grensa mellom Russland og Finland, og faren skal ha snakka skoltesamisk. Foreldra forska på nordlys ved Polar-geofysisk institutt ved Kola vitskaplege senter under Det russiske vitskapsakademiet, og Jelena vart difor tidleg stimulert til ein akademisk karriere.[1]

Utover 1970-talet byrja det å verta aukande interesse for det samiske, og då det kom ein samisk-russisk ordbok lærte Porsanger seg kildinsamisk på eiga hand.[1] Av farmora lærte ho i tillegg finsk, og ho drog seinare til Helsingfors for å studera, der ho òg måtte læra seg nordsamisk.[1]

I 1998 byrja Porsanger som førsteamanuensis  ved Senter for samiske studium ved Universitetet i Tromsø, i 2000 blei ho tilsett som forskar og førelesar og i 2005 som seniorforskar. Forskinga hennar på munnlege og skriftlege kjelder til den austsamiske urfolkreligionen frå det 1500- til 1900-talet førte fram til doktoravhandlinga «Bassejoga čáhci»: Gáldut nuortasámiid eamioskkoldaga birra álgoálbmotmetodologiijaid olis («Vatna i den heilage elva»: Kjeldene til den austsamiske religionen sett i lys av urfolkmetodologi.), som ho forsvarte ved Universitetet i Tromsø i januar 2006. Det var den første disputasen som hadde føregått på samisk i Noreg.[2] Porsanger har sagt at inspirasjonen til oppgåva kom frå frustrasjon over kor lite som var skrive om austsamisk kultur og religion, og at det som var skrive var «urettmessig generalisert».[1]

Ho vart tilsett ved Samisk høgskule i Kautokeino, der ho sidan 2010 har leidd eit forskingsprosjekt for utvikling av metodologi, dokumentasjon, bevaring, vern og lagring av árbediehtu – tradisjonell samisk kunnskap. 1. august 2011 vart ho rektor ved høgskulen.[3]

Porsanger har òg vore med i ekspertpanelet til SN sitt forum for urfolksaker.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Siw Ellen Jakobsen (juni 2007). «Med himmelen som tak». Bladet forskning. 
  2. Randi Solhaug (20. januar 2006). «Første disputas på samisk». Universitetet i Tromsø : Nyhetstorget. Arkivert frå originalen 2007-06-11. 
  3. 3,0 3,1 «Jelena Porsanger blir ny rektor». Samisk høgskole. 2011.  (daud lenkje juli 2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]