Jellingmonumenta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei to runesteinane. (Foto: Jürgen Howaldt)
Jelling kyrkje med jellingsteinane utanfor.
Gravhaugen sør for kyrkja. (Foto: Jürgen Howaldt)
Fargelagt teikning av «Det store dyret» på den eine av dei tre sidene av Harald Blåtanns Jellingstein.

Jellingmonumenta er eit areal med to runesteinar (Jellingsteinane), to store gravhaugar og ei kyrkje frå mellomalderen i JellingJylland i Danmark.

Jellingmonumenta og arealet dei ligg på er eit godt døme på ein heiden heilagdom som vart teke i bruk av den tidlegkristne kongemakta og kyrkja som kristen heilagdom, og vart teke med på UNESCO si liste over verdas kulturarv i 1994.

Den eine og minste av dei to såkalla Jellingsteinane med runeinnskrifteneer sett opp av den danske kongen Gorm den gamle til minne om kona Tyra Danebot, og er frå rundt år 950. Den andre og største av steinane er reist av sonen hans Harald Blåtann og kan vere frå om lag 965. Runeteksten på denne steinen fortel både at Harald Blåtann vil minnast foreldra og at han vil gjere det kjent at han erobra heile Danmark og Noreg og kristna danane. På denne store og tunge steinen, som har tre etter måten plane, trekanta flater, er hovudparten av runeteksten skrive på den fyrste flata i parallelle liner under kvarandre som i ei bok, med framhald i ei line som går under eit bilete av eit stort dyr omslyngt av ein orm på den neste av flatene, og vert avslutta på den siste flata under ei framstilling av Kristus i krossfestingsstilling, men utan kross, omslyngt av ormeliknande band.

Gravhaugane er kvar rundt 10 meter høge og 70 meter i diameter. Ein reknar med at Tyra Danebot og Gorm den gamle har vore gravlagde her, men det er berre funne restar etter grav, eit gravkammer i tre, i den nordre av haugane.

Jelling kyrkje, som ligg mellom dei to store gravhaugane, vart bygd i byrjinga av 1100-talet. I kyrkja finn ein mellom anna dei eldste kalkmåleria i Danmark. Men denne kyrkja har ikkje vore den fyrste på staden. Arkeologiske granskingar av området under og rundt denne noverande mellomalderkyrkja fekk fram spor etter tre tidlegare trebygningar, stavkyrkjer med stolpane nedgravne i jorda (stolpekyrkjer), der den eldste var ei særs stor kyrkje.

Kong Harald Blåtann konverterte til kristendommen i si levetid, og det var truleg han som stod bak oppføringa av den første stavkyrkja. Spora etter stavkyrkjene i kombinasjon med granskingar av den store gravhaugen nord for kyrkja, har gjeve indikasjonar på at kong Harald Blåtann, som gjekk over til kristendomen, sytte for at leivningane av den heidne faren sin, kong Gorm, vart flytta frå det kammeret av tre som vart funne inne i gravhaugen og lagt i eit gravkammer av tre i den store stavkyrkja som kong Harald Blåtann lét byggje[1]. Det er mogleg at denne overføringa vart gjort berre fem-seks år etter at kong Gorm vart gravlagt etter heiden sed i gravhaugen[2].

Dei arkeologiske granskingane har dessutan synt at det på området mellom og litt inn i gravhaugane har vore ei stor, heiden skipssetjing, det vil seie to radar av reiste steinar som formar konturane av eit skip. Slike skipssetjingar finst fleire stader i Skandinavia, mellom anna i Noreg, men denne i Jelling ser ut til å vere den aller største.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Jellingsteinane med nærare opplysningar om runeinnskriftene.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Krogh 1993, kapittel 18; Krogh & Lent-Larsen 2007, kapittel 11
  2. Krogh & Lent-Larsen 2007:272

Kjelder/Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Krogh, Knud J. 1993. Gåden om Kong Gorms Grav : Historien om Nordhøjen i Jelling : Vikingekongernes monumenter i Jelling I. [Herning] ISBN 87-7468-362-4
  • Krogh, Knud J. & Leth-Larsen, Bodil. 2007. Hedensk og Kristent : Fundene fra den kongelige gravhøj i Jelling : Vikingekongernes monumenter i Jelling II. [København]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jellingmonumenta