Jelsa skulemuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skulemuseet på Jelsa

Jelsa skulemuseum er ei avdeling under Ryfylkemuseet som ligg på Jelsa i Suldal kommune. Skulehuset, den Riibergske skule, blei bygd i 1774 for midlar frå ein stiftelse oppretta av Marcille Riiberg i 1755.

Marcille Riiberg var brordotter til jelsapresten Mentz Blix. Ho budde ei tid hos farbror sin på Jelsa. Marcille må har vore ei rik dame. I 1751 kjøpte ho Jelsa og Sand kyrkjer.

Planen for skulen var at det skulle vera ein barneskule for strandsittarbarna på Jelsa, men i tillegg skulle to ungdommar ha gratis opplæring ved skulen i to år, slik at dei seinare kunne gå ut i bygdene som dugande lærarar i omgangsskulen. I over 40 år sendte Den Riibergske Skule ut lærarar i Ryfylke, men i 1820 blei skulen nedlagt av økonomiske grunnar. Barneskulen heldt fram i huset til først på 1900-talet.

Etter initiativ frå personalet ved Jelsa skule blei skulehuset restaurert og gjort til museum i perioden 1974-1983.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]