Jelsafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jelsafjorden er ein fjordarm av Nedstrandfjorden og Boknafjorden på nordsida av øya Ombo mellom kommunane Stavanger og Suldal. I aust grensar fjorden òg til Hjelmeland kommune.

Fjorden har innløp mellom Foldøy i nord og Jørstadvågen på Ombo i sør og går så austover til han deler seg i tre. Vidare austover held Jelsafjorden fram som Erfjorden og Tyssefjorden og frå innløpet til Erfjorden går to fjordar i kvar sin retning, ein nordover og ein sørover. Den sørlege av desse er Ombofjorden som går sørover til Hjelmelandsfjorden og den nordlege fjordarmen er Økstrafjorden. Sjølve Jelsafjorden er 10 km lang, men inkludert Erfjorden og Tyssefjorden er han om lag 25 km.

På nordsida av fjorden ligg tettstaden Jelsa, som har gjeve namn til fjorden.