Jemen-konflikten frå 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jemen-konflikten byrja med revolusjonen i 2011-2012 mot president Ali Abdullah Saleh, som då hadde vore leiar for Jemen i over tre tiår (33 år).[1][2] Saleh gjekk av tidleg i 2012 etter forhandlingar mellom styresmaktene og opprørsgrupper, og visepresidenten Abdrabbuh Mansur Hadi tok over. Hadi hadde vanskar med å sameina det spenningsfylte politiske landskapet i landet og kjempa mot trugsmål frå både Al-Qaeda på den arabiske halvøya og militante houthiar som lenge hadde ført opprør nord i landet.[3][4] I 2014 gjekk houthikrigarar inn i hovudstaden Sana og tvinga Hadi til å forhandla fram ei «sameint regjering» med andre politiske faksjonar. Opprørarane fortsette å pressa dei svekka styresmaktene fram til Hadi gjekk av saman med ministrane sine i januar 2015. Då var presidentpalasset og residensen hans allereie under åtak frå opprørarane. Hadi gjekk av 21. januar 2015, og tre dagar seinare vart president-palasset erobra av Houthi-militsen.[5] Revolusjonskomiteen (اللجنة الثورية) leia av Mohammed Ali al-Houthi erklærte sin kontroll over statsapparatet 6. februar 2015.[6][7]

Hadi flykta til Aden, der han hevda at han framleis var Jemen si legitime president, og proklamerte Aden som den mellombels hovudstaden.[8][9] BBC melde 27. mars 2015 at Hadi hadde flykta frå opprørsstyrkar i byen Aden, og hadde kome til Saudi-Arabia sin hovudstad, samstundes som saudiske styresmakter byrja luftåtak mot Jemen. [10] Sidan 2017 har separatistorganisasjonen Det sørlege overgangsrådet (al-Majlis al-Intiqālī l-Janūbiyy), også kjempa mot Hadi-regjeringa.

Leiaren for Hadi-regjeringa bur i eksil i Saudi-Arabia (2019). Han har vore på minst eit politisk møte i Jemen i 2019.[11]

Borgarkrig (frå 2015)[endre | endre wikiteksten]

Houti-militsen tok over hovudstaden Sana'a, og der skipa militsen ei ny regjering. Hadi trekte seg tilbake til Aden saman med støttespelarar den 21. februar 2015.[12][13]

Hadi proklamerte den 21. mars 2015 Aden som den mellombels hovudstaden, og at dette skulle vara så lenge Sana var under kontroll av houthiar.[14] Slaget om Aden byrja den 25. mars.

Intervensjon frå utanlandske militærstyrkar byrja då Den arabiske ligaen, leia av saudiarabiske styresmakter, starta bombing frå lufta den 26. mars 2015 og mobiliserte ein koalisjon av væpna styrkar i regionen for ei mogleg invasjon av Jemen.

Slaget om Aden vart vunne den 22. juli 2015 av ein koalisjon leia av Hadi-regjeringa.

«Det sørlege overgangsrådet» erobra Aden i nokre veker i august 2019, før Hadi-regjeringa igjen hadde makta i byen.[15]

Hadi-regjeringa hadde hovudkvarter i Aden (28. august 2019).[11] Styrkane til Hadi-regjeringa trekte seg ut av Aden 31. august 2019.[16] Aden er kontrollert av Houthi-styrkane (september 2019).[17]

Den militære intervensjonen leia av Saudi-Arabia[endre | endre wikiteksten]

Kart over militærmakt i Jemen i september 2020 ██ Kontrollert av Revolusjonskomiteen (اللجنة الثورية) ██ Kontrollert av Hadi-regjeringa og grupperingar som er alliert ██ Kontrollert av Det sørlege overgangsrådet ██ Kontrollert av Partisanar av sharia (Jamāʿat Anṣār aš-Šharīʿa) og Al-Qaida på den arabiske halvøya ██ Kontrollert av islamist-gruppa Den islamske staten Irak og Levanten (ISIL) ██ Kontrollert av lokale styrkar utan klare allianser

Bombing frå lufta byrja 26. mars 2015.

Tal på drepne saudiarabiske soldatar er 1.000[18]–3.000.[19]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hendawi, Hamza (12. oktober 2014). «Yemen's crisis reflects arc of Arab Spring revolts». Yahoo! News. Arkivert frå originalen den 9 February 2015. Henta 8. februar 2015. 
  2. al-Naggar, Mona (6 February 2015). «In Yemen, Hard Times Remain a Constant as Rebels Take Charge». The New York Times. Arkivert frå originalen den 9. februar 2015. Henta 6 February 2015. 
  3. «Meet The Group That Now Rules Yemen». BuzzFeed. 6. februar 2015. Arkivert frå originalen den 6. februar 2015. Henta 6. februar 2015. 
  4. «Al-Qaeda thrives in Yemen amid weak security, stalled dialogue». Al Arabiya. 6. februar 2015. Arkivert frå originalen den 9. februar 2015. Henta 6 February 2015. 
  5. President Hadi's letter to Parliament Arkivert 2015-12-24 ved Wayback Machine., yementimes.com; accessed 7 April 2015.
  6. al-Haj, Ahmed ( 6 February 2015). «Yemen's Shiite rebels announce takeover of country». The Columbian. Arkivert frå originalen den 7 February 2015. Henta 6 February 2015. 
  7. «Houthi militia installs 'presidential council' to run Yemen». Middle East Eye. 6 February 2015. Arkivert frå originalen den 1 January 2016. Henta 6 February 2015. 
  8. «Yemen's Hadi denies Aden secession». Anadolu Agency. 21 March 2015. Arkivert frå originalen den 20 June 2015. Henta 22 March 2015. 
  9. Kerr, Simeon (26 February 2015). «UN and Gulf back Yemeni president Hadi amid fears of civil war». Financial Times. Arkivert frå originalen den 2 March 2015. Henta 22 March 2015. 
  10. «President Hadi leaves Yemen as Saudi-led raids continue». BBC. 27 March 2015. Arkivert frå originalen den 24. april 2015. Henta 27 May 2015. 
  11. 11,0 11,1 Yemen leader-in-exile Hadi returns for meeting of divided parliament. Reuters. Vitja 2019-09-02
  12. «Yemen's Hadi says Houthis decisions unconstitutional». Al Jazeera. 21. februar 2015. Henta 21. februar 2015. 
  13. «Yemen's ousted president Hadi calls for Houthis to quit capital». The Star Online. 22. februar 2015. Henta 21. februar 2015. 
  14. «Yemen's President Hadi declares new 'temporary capital'». Deutsche Welle. 21. mars 2015. Arkivert frå originalen den 23. mars 2015. Henta 21. mars 2015. 
  15. Yemen government forces 'impose full control over Aden': Minister. 2019-08-28. Al-Jazeera. Vitja 2019-09-01
  16. Yemeni separatists arrest dozens of government loyalists in Aden. Al-Jazeera. Vitja 2019-09-02
  17. – Det kommer et nytt angrep om to dager. NRK. Vitja 2019-09-21
  18. «More than 1,000 Saudi troops killed in Yemen since war began». Al Jazeera. 28 May 2018. 
  19. «'Yemen's war is becoming as messy as the conflict in Syria'». The Independent. 17 March 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]