Jenbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jenbach
by
GemeindeamtJenbach20060814.jpg
Kommunehuset i Jenbach
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Stat Tirol
Distrikt Schwaz
Høgd 563 m
Areal 15 km²
Postnummer 6200
Wikimedia Commons: Jenbach
Nettstad: http://www.jenbach.at
Jenbach

Jenbach er ein by og ein kommune i distriktet Schwaz i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 15,3 km² og 7 000 ibuarar. Byen Jenbach ligg i Unterinntal 563 meter over havet, 36 km aust om Innsbruck.

Jenbach er særleg kjend for jarnproduksjon. I 1410 dreiv ein og smelta sølv- og koparmalm frå gruvene i Schwaz. Etter tilgangen på edelmetall byrja minke, vart bygt eit jarnsmelteverk i 1685. Det var opptakta til Jenbacher Werke, eit firma som på 1900-talet mellom anna laga lokomotiv. I dag produserer verket gassmotorar og utstyr til desentralisert varmeutnytting og straumproduksjon. General Electric kjøpte verket i 2003.

Til og frå jarnbanestasjonen Jenbach går jarnbanelinjer med tre ulike sporvidder. Såleis er Jenbach stoppestad for fjerntoga mellom Innsbruck og München, Salzburg eller Wien (normalspor 1435 mm), sørleg endestasjon for tannhjulbana Achenseebahn (sporvidde 1000 mm) som går nordover til Achensee, medan Zillertalbahn (sporvidde 760 mm) har nordleg endestasjon i Jenbach, den bana går sørover til Mayrhofen i Zillertal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]