Jendrik Sigwart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jendrik Sigwart
Jendrik Sigwart.jpg
Fødd27. august 1994 (28 år)
FødestadVolksdorf
OpphavTyskland
Aktiv2016–
Instrumentvokal, piano, fiolin, ukulele
Verka somsongar, låtskrivar, teaterskodespelar

Jendrik Sigwart (fødd 27. august 1994) er ein tysk songar og låtskrivar. Han representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland med låten «I Don’t Feel Hate‎» .[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sigwart vart fødd og voks opp i Hamburg som den nest eldste i ein syskenflokk på fire. Allereie som barn byrja han å spele fiolin og piano. Etter å ha fullført vidaregåande skule studerte han musikalteater ved Hochschule Osnabrück. Han har skrive fleire eigne songar, både for vokal og favorittinstrumentet hans ukulele.[1]

Då speleoppdraga ikkje kom i 2020 på grunn av koronaviruspandemien, brukte Sigwart i staden tida på å skrive ein song og produsere ein musikkvideo til han. Han la ut ein humoristisk post på TikTok og Instagram under mottoet: «How to make a Musikvideo».[1][2][3]

Sigwart hadde drøymt å delta i Eurovision Song Contest, noko han fortalde om i fleire av videoane sine på sosiale medium. Hausten og vinteren 2020–2021 deltok han i uttakingsprosessen for å verta den tyske representanten i Eurovision Song Contest 2021 i Nederland. Blant rundt hundre deltakarar vart Sigwart vurdert av to uavhengige jurygruppar, og til slutt vald til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest. Den tyske kringkastaren offentleggjorde deltakinga i februar 2021, og låten «I Don't Feel Hate» vart offentleggjort 25. februar.[1][2] I Eurovision Song Contest enda Sigwart nest sist i finalen, med kun 3 poeng frå juryane og 0 frå sjåarane.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Jendrik Sigwart will sing for Germany in 2021» (på engelsk). 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Germany: Jendrik Sigwart will sing at Eurovision 2021...with song release set for February 25» (på engelsk). 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  3. «Jendrik Sigwart will represent Germany in Eurovision 2021». 6. februar 2021. Henta 6. februar 2021. 
  4. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.