Jenkem
Hopp til navigering
Hopp til søk
Jenkem er eit hallusinogent emne som vert tilverka ved gjæring av kloakk. Det er gassen som vert danna som vert pusta inn, og det er gateborn i Zambia som sidan 1997 har halde på med slik rusbruk[1].
Verknaden kjem etter få sekundar og kan vare om lag ein time og inneheld både høyrsels- og synshallusinasjonar. Gateborna i Zambia nyttar avføringsemne som dei finn i dei opne kloakkane i dei største byane, til dømes Lusaka. Dette vert gjæra i plastflasker og avgassane vert så innanda.