Jenn E. Mortensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jenn E. Mortensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. juni 1956 (67 år)
Yrke musikar, songar

Jenn E. Mortensen er ein norsk songar, mest kjend som songar i det norske folkrockbandet Folque.

Ho tok over for Lisa Helljesen på vokal frå 1977 til bandet vart oppløyst i 1984. Ho har òg vore med på gjenforeiningskonsertane til bandet.

Etter Folque vart oppløyst fortsette Mortensen i lag med Lars Helljesen og Morten Bing med ei akustisk vidareføring av Folque, kalla Jomfru Mortensens Trio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]