Jennifer Lawrence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jennifer Lawrence
Jennifer Lawrence SDCC 2015 X-Men.jpg
Fødd15. august 1990 (32 år)
FødestadIndian Hills
FødenamnJennifer Shrader Lawrence
Aktive år2007–
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar
FarFrancis Lawrence
EktefelleCooke Maroney
SambuarDarren Aronofsky, Nicholas Hoult, Chris Martin
PrisarToronto Film Critics Association Award for Best Actress, Vancouver Film Critics Circle Award for Best Actress, Broadcast Film Critics Association Award for Best Actress, Washington D.C. Area Film Critics Association Award for Best Actress, MTV Movie Award for Best Performance, MTV Movie Award for Best Fight, People's Choice Awards, Golden Globe Award for Best Actress – Motion Picture Musical or Comedy, Teen Choice Awards, Independent Spirit Award for Best Female Lead, Kansas City Film Critics Circle Award for Best Actress, Las Vegas Film Critics Society Award for Best Actress, Los Angeles Film Critics Association Award for Best Actress, National Society of Film Critics Award for Best Actress, Satellite Award for Best Actress – Motion Picture, Southeastern Film Critics Association Award for Best Actress, MTV Movie Award for Best Kiss, AACTA International Award for Best Actress, Broadcast Film Critics Association Award for Best Acting Ensemble, MTV Movie Award for Best Female Performance, MTV Movie Award for Best Female Performance, MTV Movie Award for Best Female Performance, MTV Movie Award for Best Fight, Golden Globe, Saturn Award, Screen Actors Guild Award, Independent Spirit Awards, Empire Award, Central Ohio Film Critics Association Award for Best Actress, Central Ohio Film Critics Association Award for Best Actress, AACTA International Award for beste kvinnelige birolle, National Society of Film Critics Award for Best Supporting Actress, People's Choice Award for Favorite Movie Actress, AACTA International Award for beste kvinnelige birolle, Broadcast Film Critics Association Award for Best Cast, Marcello Mastroianni Award, Teen Choice Award for Choice Movie Actress - Sci-Fi/Fantasy, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Cast in a Motion Picture, Dallas-Fort Worth Film Critics Association Award for Best Actress, Dallas-Fort Worth Film Critics Association Award for Best Actress, BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, Empire Award for Best Actress, Saturn Award for Best Actress, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role, San Diego Film Critics Society Award for Best Actress, Golden Globe Award for Best Supporting Actress – Motion Picture

Jennifer Shrader Lawrence (fødd 15. august 1990) er ein amerikansk Oscar-lønte skodespelar, som er spesielt kjend for opptredenane sine i The Hunger Games-serien, Silver Linings Playbook, Winter's Bone og X-Men filmane X-Men: First Class og X-Men: Days of Future Past.

I ein alder av 31 hadde ho allereie motteke fire Oscar-nominasjonar, tre for beste kvinnelege hovudrolle og éin for beste kvinnelege birolle. Ho har ytterlege vunne tre Golden Globes, fire Critics' Choice Movie Awards, éin BAFTA Award og to Screen Actors Guild Awards.[1] Ho vann ein av beste kvinnelege hovudrolle-prisane, og det gjorde henne til den nest yngste mottakaren av prisen i historia til Oscar-utdelinga.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lawrence vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Ree Dolly i Winter's Bone under den 83. Oscar-utdelinga. Dette skaffa henne status som ein A-listeskodespelar i Hollywood. I 2011 fekk ho rolla som Mystique i X-Men: First Class, medan ho i 2012 spelte sin kanskje mest mediaomtalte rolla som Katniss Everdeen i actionfilmen The Hunger Games. Denne filmen spelte inn 211 millionar dollar på verdsbasis allereie i opningshelga, noko som gjer han til den tredje mest innbringande filmen gjennom alle tider i ei opningshelg. Totalt spelte han inn 691 millionar dollar på verdsbasis.[3]

Jennifer Lawrence spelte òg den kvinnelege hovudrolla i Oscar-favoritten Silver Linings Playbook – Kjærlighetens galskapen same året, ei utfordrande og krevjande rolle ho vart rosa for og som vart lagt godt merke til hos filmkritikarar og publikum såvel som prisutdelarar. For denne innsatsen vart Lawrence påskjønt med den første Oscar-prisen sin, då ho vann i kategorien beste kvinnelege hovudrolle i 2013. Med dette vart ho òg den yngste skodespelaren i historia med to Oscar-nominasjonar for beste kvinnelege hovudrolle. Ho fekk òg ein Golden Globe i kategorien beste kvinnelege skodespelar i ein komedie eller musikal for den same rolla.

I 2013 spelte ho Rosalyn Rosenfeld i nok ein Oscar-favoritt regissert av David O. Russell, American Hustle, der nokre av medspelarane var Christian Bale, Amy Adams, Bradley Cooper og Jeremy Renner. Ho vart nominert til nok ein Oscar, denne gongen for beste kvinnelege birolle. Ho vann òg ein Golden Globe for beste kvinnelege skodespelar i ei birolle. I tillegg til dette spelte ho igjen Katniss Everdeen i The Hunger Games: Catching Fire, oppfølgjaren til The Hunger Games. Denne filmen spelte inn over 850 millionar dollar på verdsbasis.

Lawrence har i tillegg spelt i dei kritikarroste dramaa The Beaver og Like Crazy i 2011. I 2013 gjentok ho rolla som Katniss Everdeen i The Hunger Games: Catching Fire, medan ho i 2014 returnerte som Mystique i X-Men: Days of Future Past. Lawrence gjentok igjen hovudrolla som Katniss Everdeen i The Hunger Games: Mockingjay part 1 og 2.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Lawrence under den 83. Oscar-utdelingen, der ho var nominert til beste kvinnelege hovudrolle.
Lawrence under San Diego Comic-Con International i 2013, på panelet for The Hunger Games: Catching Fire.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Garden Party (2008) som «Tiff»
  • The Poker House (2008) som «Agnes»
  • The Burning Plain (2008) som «Mariana»
  • Winter's Bona (2010) som «Ree»
  • Like Crazy (2011) som «Sam»
  • The Beaver (2011) som «Norah»
  • X-Men: First Class (2011) som «Raven/Mystique»
  • The Hunger Games (2012) som «Katniss Everdeen»
  • House at the End of the Street (2012) som «Elissa»
  • Silver Linings Playbook – Galskapen til kjærleiken (2012) som «Tiffany»
  • Devil You Know (2013) som «Young Zoe»
  • The Hunger Games: Catching Fire (2013) som «Katniss Everdeen»
  • American Hustle (2013) som «Rosalyn Rosenfeld»
  • Serena (2014) som «Serena Pemberton»
  • X-Men: Days of Future Past (2014) som «Raven/Mystique»
  • The Hunger Games: Mockingjay - Part 1 (2014) som «Katniss Everdeen»
  • The Hunger Games: Mockingjay - Part 2 (2015) som «Katniss Everdeen»

TV-film/-seriar[endre | endre wikiteksten]

  • Company Town (2006) som «Caitlin» (TV-film)
  • Monk (2006) som «Mascot» (éin episode)
  • Nót Another High School Show (2007) som «Frantic Girl» (TV-film)
  • Cold Case (2007) som «Abby Bradford» – 2007 (éin episode)
  • Medium (2007–08) som «Claire Chase» / «Young Allison» (to episodar)
  • The Bill Engvall Show (2007–09) som «Lauren Pearson» (24 episodar)
  • K.C Løynleg Agent: Jokeren Vender Attende som Rachel Dawes (3 episodar)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Jennifer Lawrence