Hopp til innhald

Jennifer Rodriguez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jennifer Rodriguez


StatsborgarskapUSA
Fødd8. juni 1976 (49 år)
Miami
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 1998, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2002 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 2002 – 1500 meter damer

Jennifer Rodriguez (fødd 8. juni 1976) er ein USA-amerikansk tidlegare skøyteløpar frå Florida som i 2005 vart verdsmeister i sprint-firkamp.

Gjennom ungdomsåra var Rodriguez aktiv på rulleskøyter og seinare i kortbaneløp. I vaksen alder tok ho til med lengdeløp og hevda seg internasjonalt frå 1998 til 2010. I mars 1998 kom ho på femteplass i Skeise-VM 1998 i firkamp. Ho deltok i dei olympiske vinterleikane i 1998, 2002, 2006 og 2010. Under vinterleikane i Salt Lake City i 2002 fekk ho med seg to bronsemedaljar, høvesvis på 1000 m og 1500 m. Åra 2002, 2003, 2004 vart Rodriguez etter tur nummer 4, 5 og 4 i verdsmeisterskapen i full firkamp. I januar 2004 sikra ho seg bronsemedaljen i Skeise-VM 2004 i sprint-firkamp i Nagano. Året etter lukkast ho å vinne sprint-VM 2005 i Salt Lake City. Etter opphald nokre sesongar, kom Rodriguez tilbake på isen og vart nummer 7 på 1000 m ved Vinter-OL 2010 i Vancouver.