Jenny, Jenny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jenny, Jenny
av Little Richard
frå albumet Here's Little Richard
B-side «Miss Ann»
Utgjeve 1957
Innspelt J&M Studios i New Orleans
Sjanger Rock and roll, R&B
Lengd 2:04
Selskap Specialty
Låtskrivar(ar) Little Richard, Enotris Johnson
Produsent Robert «Bumps» Blackwell
Little Richard-kronologi
«Send Me Some Lovin'»

(1957)

Jenny, Jenny «Miss Ann»

(1957)


«Jenny, Jenny» er ein song frå 1957 av Little Richard og Enotris Johnson, og spelt inn og gjeven ut av Little Richard. Songen kom ut på debutalbumet Here's Little Richard og singelen nådde tiandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og andreplassen på Hot Rhythm and Blues Singles-lista.[1]

Richard spelte inn songen for Cosimo Matassa sitt J&M Studios i New Orleans, som hadde vore selskapet til Richard sidan september 1955. Med på innspelinga var mellom andre trommeslagaren Earl Palmer og saksofonistane Lee Allen og Alvin «Red» Tyler.

Richard spelte inn att songen tre gonger i karrieren. Den første nyinnspelinga var i 1966 for Modern-albumet The Incredible Little Richard Sings His Greatest Hits - Live!, konsertalbumet Little Richard's Greatest Hits: Recorded Live! i 1967 og albumet Little Richard Live i 1976 med ein ny nyinnspelt studioversjon.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Little Richard: vokal, piano
  • Lee Allen: tenorsaksofon
  • Alvin «Red» Tyler: barytonsaksofon
  • Earl Palmer: trommer
  • Frank Fields: bass
  • Edgar Blanchard: gitar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 356.