Jens-Reidar Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens-Reidar Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1895
Kristiansand kommune
Død

20. mars 1980 (84 år)
Cognac

Yrke forretningsdrivande

Jens-Reidar Larsen (8. mai 189520. mars 1980) var grunnleggaren av konjakkhuset Larsen.

Han var fødd i Kristiansand. Faren arbeidde i posten så familien budde seinare på Levanger og i Tromsø.

Han var opphavleg skipper frå Tromsø, og det er sagt at han eigentleg var på veg til England for å fullføre utdanninga si, men segla feil og hamna i Bordeaux i Frankrike. Han begynte såvidt å jobbe med vin og brennevin her, men flytta snart til byen Cognac etter at han fekk stor interesse for konjakken.

Her arbeidde han først for konjakkhuset Prunier, deretter kjøpte han eit konjakkhus (Joseph Gautier) i 1926, og lanserte sitt eige merke; Larsen. Vikingtemaet hadde han heilt frå starten, og frå om lag 1950 introduserte han òg flasker forma som vikingskip, som huset er kjent for i dag. Slagordet vart tidleg «Le Cognac des vikings».

Jens-Reidar Larsen gifta seg med ei kvinne frå Cognac, og saman fekk dei sonen Jean, som seinare tok over huset og lukkast veldig godt, særleg med eksporten. Jeans søner Frédéric og Nicolas Larsen har no tatt over drifta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • NRK Gull 16. juni 2012