Hopp til innhald

Jens A.H. Killengreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens A.H. Killengreen

StatsborgarskapNoreg
Fødd23. desember 1838
Død

6. desember 1897 (58 år)

Jens Annaton Holmboe Killengreen (23. desember 1838–6. desember 1897) var ein norsk teolog og skulemann som verka i det nordlegaste Noreg heile sitt liv. Han var skuledirektør i tjue år og ordførar i Tromsø i sju år.

Familie og utdanning

[endre | endre wikiteksten]

Killengreen var fødd 23. desember 1838 i Tromsø og voks opp i ein av dei fremste kjøpmannsfamiliane i byen. Faren var Johan Andreas Killengreen (1791–1865), som hadde etablert firmaet J.A. Killengreen i 1920, og mora var Jensine Marie Holmboe (1805–1874), den yngste dottera til futen Jens Holmboe. Broren til Jens Annaton, Christian Petter Killengreen, overtok forretninga til faren i 1867.[1]

Killengreen tok studenteksamen i 1856 og teologisk embetseksamen i 1862.[1]

Han var gift med Inga Essendrop (1850–1950), dotter av biskop Essendrop. Dei fekk fire søner og tre døtrer.[2]

Etter studiet vende Killengreen heim til Tromsø, der han budde og verka resten av sitt liv. Frå 1863 var han adjunkt ved Tromsø skule og frå 1867 søkte han og fekk stillinga som lærer ved Tromsø stiftsseminarium.[1] Killingreen fekk stipend i 1869–1870 for å reise til Finland og læra kvensk.[2]

Han vart ordinert som prest i 1868 og fekk embete som sokneprest i Tromsøsund sokn. I 1871 vende han tilbake til seminaret, då som styrar.[2] Killengreen skreiv Beretning om Tromsø Seminarium til femtiårsjubileet i 1876.[3]

I 1877 vart Killengreen skuledirektør for Tromsø stift, eit embete han hadde til han døydde.[2] Han var medlem av ein kongeleg skulekommisjon i 1887.[4] Killengreen si tid som skuledirektør fall saman med oppstarten av ein ny norsk skulepolitikk og ei fornorskingslinje overfor samar og kvener, ei linje Killengreen i all hovudsak støtta. Han meinte det var i samanes og kvenene si interesse å «komme til en virkelig Deltagelse i Samfundets borgerlige som kirkelige Liv, hvortil de som norske Undersaatter ere kaldede».[5] Han var skeptisk til å tilsetja samar som lærarar, sjølv om han rekna den som ein fordel om lærarar i visse delar av Finnmark kunne noko samisk.[6]

Annan samfunnsinnsats

[endre | endre wikiteksten]

Killengreen var i mange år medlem av formannskapet i Tromsø. Han var ordførar frå 1875 til 1881 og viseordførar i 1882.[4]

Han arbeidde i mange år for Det britiske bibelselskapet, og han vart i 1895 vald inn som Foreign Honorary Member.[4]

Killengreen vart riddar av St. Olavs Orden.[4]

Han døydde 6. desember 1897.[3]

  1. 1 2 3 C.S. Lous: Holmboerne. Stamtavle og biografiske oplysninger, Bergen 1868, side 29–30.
  2. 1 2 3 4 Othar Holmboe: Foged Jens Holmboes efterkommere, Kristiania 1890, side 60–61.
  3. 1 2 A.W. Brøgger og Einar Jansen (red): Norsk biografisk leksikon, bind VII, Oslo 1936, side 316.
  4. 1 2 3 4 Nekrolog i Skolebladet nr. 12, 1898; gjengitt i Et snes skoledirektør-portretter, Oslo 1985, side 73–75.
  5. ↑ Egil Lien Thorvaldsen: Geistlig overøvrighet i møte med ei ny tid, Notodden 2003, side 106.
  6. ↑ Bente Martinussen: Språkendringer i Finnmark, HiF-Rapport 2004:1, blant annet side 100 og 105.