Jens Christian Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jens Chr. Hauge)
Jens Christian Hauge

Jens Christian Hauge som forsvarsminister i 1947.
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1915
Ljan
Død

30. oktober 2006 (91 år)
Oslo

Yrke politikar, advokat, motstandskjempar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Heimefronten, Norsk Kvinnesaksforening
Ektefelle Liv Grannes
Jens Christian Hauge på Commons

Jens Christian Hauge (15. mai 191530. oktober 2006) var ein norsk jurist og politikar. Han er mest kjend som heimefrontmann, politikar for Arbeidarpartiet, og for å ha hatt ymse verv i tilknyting til industri. Jens Christian Hauge er ofte omtalt som «Jens Chr. Hauge». I tillegg opererte han med ymse dekknamn i si tid som leiar for Milorg. Milorg var ein del av heimefronten i Noreg under andre verdskrig.

Hauge vart fødd i tidlegare Aker kommune. Kommunen vart seinare ein del av Oslo. Hauge vart utdanna jurist i 1937. Han vart domarfullmektig i 1938, og var prispolitifullmektig frå 1940 til 1941. I 1942 vart han distriktsinspektør for Milorg på Austlandet. Deretter avanserte han til å verta den øvste leiaren for Milorg i tida frå 1943 til 1945. Han var Milorg sin representant i leiinga for heimefronten frå hausten 1944.

Etter krigen var Hauge sekretær for statsminister Einar Gerhardsen frå juni 1945. Han var forsvarsminister i Einar Gerhardsen si andre regjering frå 5. november 1945 til 6. januar 1952. Frå 1954 var han høgsterettsadvokat. Han var justisminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering frå 22. januar 1955 til 1. november 1955.

Som forsvarsminister var Hauge sentral som pådrivar for at Noreg skulle verta med i NATO. Han var òg sentral i oppbygginga av forsvarsindustri og i opprettinga av Forsvarets forskningsinstitutt hausten 1945. Han var òg sentral i høve til Institutt for Atomenergi, oppretta i 1948.

Som advokat hadde Hauge mange viktige styreverv. Av verv kan nemnast styreverv i Raufoss Ammunisjonsfabrikker, Kongsberg Våpenfabrikk, Marinens Hovedverft, Tandbergs Radiofabrikk, Det Norske Luftfartselskap, SAS, Statoil, Norges Hjemmefrontmuseum og Nathionaltheatret. Hauge var Regjeringa Nordli sin hovudforhandlar med AB Volvo om eit svensk-norsk AB Volvo i 1978. Hauge vart skilsdomar ved International Center for Settlement of International Disputes i 1975.

I 1995 vart Hauge påskjønna med Noregs høgste sivile utmerking, Medaljen for borgardåd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]