Jens Christian Meinich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Christian Meinich
Fødd 8. september 1787
Søndre Land
Død

12. januar 1855

Jens Christian Meinich (fødd 8. september 1787 Bragernes, død 12. januar 1855 Fluberg i Søndre Land)[1] var ein norsk jurist og embetsmann. Han tok embetseksamen i 1813. Meinich var først sorenskrivar for Toten, deretter fut i Valdres, Hadeland og Land.[2] Faren var Jørgen Christian Meinich (født 1746 i Danmark, død 1788), kjøpmann i Drammen. Mora var Bodil Marie Magelssen (1762-1832). Mora gifta seg i 1793 opp at med offiseren Johan Jørgen Krohn. Ekteparet og hennar to søner Jens Christian og Hans Thomas busette seg i Nordre Sedal i Land (eigedommen kalla «Kronborg» eller Kronviken).[3][4] Jens Christian var halvbror av Peder Anker Krohn. Broren Hans Thomas omkom i 1806 under fløyting. Etter skilsmissa frå Krohn i 1805 overtok Bodil Marie eigedommen Kronborg som seinare gjekk vidare til sonen Jens Christian.

Den eldste sonen Hans Thomas var jurist, politikar og embetsmann. Sonen Jørgen Henrik var jurist og industrimann. Dottera Bolette Sophie (1821-1870) gifta seg med lensmannen Erik Bratlie og var mor til politikar og embetsmann Jens Kristian Meinich Bratlie.[5]

== Kjelder

Referansar ===
  1. Hadeland bygdebok, bind 1, s. 369-370 (utgitt 1932 av Hadelands bygdebokkomite).
  2. Knudsrød, Eva (1996): Meinich-familien i Horten og Borre. Borre historielag. http://borreminne.hive.no/aargangene/1996/12-meinich.htm vitja 25.januar 2012
  3. Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri.
  4. Digitalarkivet: Folketellinga for Lands, 1801. http://arkivverket.no/arkivverket/Digitalarkivet
  5. Wasberg, Gunnar Christie (28. september 2014). «Jens Bratlie». Norsk biografisk leksikon (på norsk).