Jens Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Dahl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. august 1841
Bergen
Død

14. januar 1915 (73 år)
Bergen

Yrke handelsmannn, politikar
Språk norsk

Jens Olsen Dahl (21. august 184114. januar 1915) var ein kjøpmann, stortingsmann og seinare fiskerikyndig. Dahl, som var frå Bergen, slutta seg til Venstre då partiet organiserte seg på Stortinget i 1883.

Dahl var son til ein skipper. Sjølv gjekk han på Bergens katedralskule til 1855. Familien flytta då til Lauvøya i Steigen, der far hans slo seg ned som handelsmann. Fram til 1869 arbeidde Dahl i faren si forretning, mellom anna som fiskekjøpar i Finnmarka og i Lofoten. Han starta så eiga forretning, kjøpte Hanøy i Hadsel i 1871 og dreiv stort sildebruk fram til 1887. Perioden 1887-96 var han inspektør for saltvassfiskeria i nordre distrikt. Han budde då i Bodø. 1896-1900 budde han i Kristiania, var då Indredepartementet sin konsulent i fiskerisaker. Frå 1900 budde han i fødebyen Bergen. Dei fyrste seks åra var han medlem av fiskeristyret i Noreg, dei neste seks var han konsulent hos fiskeridirektøren.

Dahl var medlem av heradsstyret i Steigen 1869-70 og i Hadsel 1873-87. Perioden 1880-87 var han ordførar i Steigen, 1885-87 også forlikskommissær.

Dahl var i 1880-82 1. varamann til Stortinget frå Nordlands amt. Han møtte i staden for Arnt Kristoffersson Seljelid, men var permittert i 1881 frå 22. april og i 1882 frå 6. februar. På omframstortinget i 1882 møtte han ikkje. Bolken 1883-85 var han 4. representant frå amtet. Både i 1883, 1884 og 1885 vart han permittert, frå høvesvis 4. april, 18. april og 22. mai. Han var medlem av tollkomiteen.

År 1891 vart Dahl vald til medlem av ein kongeleg kommisjon om torskefisket i Nordland, samt av ein departemental komite om administrasjonen av fiskeria i Noreg. Han gjorde opptaket til ei trygdekasse for fiskarar, og stilte seg i spissen for eit fiskerimuseum i Bodø.

Dahl døydde i Bergen i 1915.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]