Hopp til innhald

Jens E. Ekornes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens E. Ekornes
StatsborgarskapNoreg
Fødd20. januar 1908
Sykkylven kommune
Død

25. november 1976 (68 år)
Sykkylven kommune

Yrkebedriftsleiar

Jens Ellingsen Ekornes (20. januar 190825. november 1976) var ein norsk gründer og forretningsmann. Han grunnla i 1934 J.E. Ekornes Fjærfabrikk, som i dag er Ekornes.

I 1946 reiste han til USA og arbeidde på ein madrassfabrikk for å lære meir om faget. Han hadde òg tidligare vore i USA. Attende i Sykkylven, same året, hadde han med seg nye maskiner. Året etter vart produksjon av møbeldelar sett i gang.

Jens var eineeigar av selskapet fram til 1960, då vart aksjeselskapet J.E.Ekornes Fabrikker AS etablert, med brørne hans, Leif og Martin, som medeigarar.

Då han døydde, i 1976, vart bror hans Martin Ekornes ny administrerande direktør.

Jens E. var onkel til Jens Petter Ekornes.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]