Jens Feder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Feder
Fødd31. januar 1939
Død15. februar 2019
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Jens Feder (fødd 1939) er ein norsk fysikar. Feder har arbeidd med faseovergangar i superleiarar, antiferromagnetisme, med problem innanfor statistisk fysikk, kjernefysikk, transportproblem i porøse medium og i væsker.

Han tok doktorgraden i 1970 og var professor i fysikk frå 1974 ved Universitetet i Oslo.

Han har arbeidd ved fleire utanlandske forskingsinstitusjonar og universitet og fått fleire prisar for forskinga og undervisinga si. Han har publisert mange artiklar og skrive ei bok om fraktalar, som mellom anna er omsett til japansk og russisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grøn, Øyvind. (2009, 14. februar). Jens Feder. I Store norske leksikon. Henta 7. november 2013 frå http://snl.no/Jens_feder.