Jens Fredrik Schroeter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Fredrik Schroeter

Fødd21. mai 1857(1857-05-21)
Drammen
Død27. april 1927 (69 år)
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdeastrometri
astrofysikk
Yrkeastronom, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Jens Fredrik Wilhelm Schroeter (21. mai 185727. april 1927) var ein norsk astronom.

Han var fødd i Drammen som son av skipskaptein Fredrik Julius Bech Schroeter og kona Julie Schroeter. Familien på farssida hadde flytta til Noreg frå Langeland i Danmark i 1787.[1] Gjennom systera Jenny, var han svogeren til presten Jens Jonas Jansen[2] og onkel til historikaren Einar Jansen.[3] Schroeter sjølv vart ikkje gift.[1]

Han tok artium i 1872, og cand.real.-graden i 1882. Interessa frå astronomi kom heilt frå barndommen, då faren lærte han om dyrekrinsen, planetane og korleis han kunne bruke ein sekstant. Han arbeidde ved observatoriet i Bossekop frå 1882 til 1884, og som assistent ved Det norske meteorologiske instituttet frå 1884 til 1888. Frå 1888 til 1890 var han observatør i utlandet, men i 1891 kom han attende til Noreg som observatør ved Universitetet i Kristiania i 1891.[1] Direktøren ved observatoriet sidan 1890 var professor Hans Geelmuyden,[4] og då Geelmuyden pensjonerte seg som professor i 1919, vart han erstatta av Schroeter. Schroeter var òg redaktør for den offisielle norske almanakken, etter Geelmuyden.[1]

Han var òg redaktør for tiddsskriftet Nordisk astronomisk Tidsskrift, og var medlem av Det norske vitskapsakademiet. Dei akademiske publikasjonane hans var stort sett på tysk. Utafor astronomien medverka han òg til leksikonet Salomonsens Konversationsleksikon, i tillegg til almanakken. Han døydde i 1927 i Oslo.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Jelstrup, Hans S. (1954). «Schroeter, Jens Fredrik Wilhelm». I Jansen, Einar; Svendsen, Paulus. Norsk biografisk leksikon 12 (1st utg.). Oslo: Aschehoug. s. 541–543. 
  2. Berggrav, Eivind (1934). «Jansen, Jens Jonas Elstrand». I Jansen, Einar. Norsk biografisk leksikon 6 (1st utg.). Oslo: Aschehoug. s. 587–591. 
  3. Arntzen, Jon Gunnar (2002). «Einar Jansen». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon 5. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 18. juni 2016. 
  4. Henriksen, Petter, red. (2007). «Hans Geelmuyden – norsk astronom». Store norske leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 18. juni 2016.