Hopp til innhald

Jens Galschiøt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Galschiøt

StatsborgarskapKongeriket Danmark
Fødd4. juni 1954 (72 år)
Frederikssund
Yrkebilethoggar, menneskerettsaktivist, kunstnar
Jens Galschiøt på Commons

Jens Galschiøt (fødd 4. juni 1954) er ein dansk kunstnar fødd i Frederikssund. Han er utdanna som plate- og konstruksjonsmed på Odense Staalskibsverft i 1973. Han er sjølvlært sølvsmed og skulptør med eige verkstad i Odense sidan 1985.[1] Galleri Galschiøt omfattar eit bronsestøyperi, utstillingshall, verkstad og ein skulpturpark.

Jens Galschiøt er ein svært samansett kunstnar som rører seg i kryssfeltet mellom installasjonskunst og gatekunst med klare referanser til «sosial skulptur» (Joseph Beuys), symbolisme og art nouveau. Jens Galschiøt arbeider hovudsakleg med å kjempa mot urettvisa i verda ved å sette opp skulpturar i større byar over heile verda. Skulpturane er for det meste laga i bronse for eigne middel.

Jens Galschøit og AIDOH (ART IN DEFENCE OF HUMANISM) er blitt verdskjende for aksjonar i samband med større hendingar. I samband med klimatoppmøtet i København i desember 2009 sette Galschiøt opp ein skulptur, Survival of the Fattest, ved sida av Den lille havfrue.[2]

Galschiøt har laga skulpturinstallasjonar mange stader, mellom anna av den 22 tonn tunge Min Indre Svinehund (1993) og skulpturar i Europa (ulovleg gatekunst), Skamstøtten i Hongkong, Mexico og Brasil, Hungersmarchen (2002), I Guds Navn (2006), The Color Orange (2008) og Fundamentalism 2011/12.

I 2018 laga Jens Galschiøt 5 bronseskulpturar av Nelson Mandela som fekk namnet Spirit of Mandela. Skulpturen er 59 cm høg.

2 er i privat eige i Danmark, 1 tilhøyrer eldstedottera til Nelson Mandela, Zenani Mandela, 1 blei gjeven til Barack Obama og 1 blei selt på auksjon i 2022.

H.C.Andersen-skulpturen i Odense hamn
Fundamentalism
Frå Ending homelessness.
Flygtninge skibet M/S ANTON
  • Cocoon (1992) skulptur, 4 m høg, 12 m i diameter av 22 skjold i rustfritt stål med bronseansikt som bryt gjennom stålet. Utstilt for fyrste gong i den internasjonale kunsthallen på verdsutstillinga expo92 i Sevilla i Spania.[3]
  • Min Indre Svinehund (1993): Betongskulptur, 2,30 m høg. 22 skulpturar blei sett opp offentleg og ulovleg i europeiske byar i løpet av to dagar som ein gatekunstaksjon som skulle setja fokus på aukande forråing i Europa.[4]
  • The Little Prince (1995)
  • Elysium, The Occult Temple (1995): Ein 500 m² total installasjon som blei nytta til å oppføra teater/musikk og danseførestillinga Elysium i.[5]
  • Den Stille Død (1995): Gatekunst-happening med opphenging av 750 dokke-«lik» og utdeling av 13.000.000 «pengesetlar» under Det sosiale toppmøtet (FN) i København 1995.[6][7]
  • Skamstøtten (1996 til 201?): Ein 8 m høg skulptur oppstilt for å markera eit lovbrot. Skulpturen er ein obelisk av menneskekroppar oppstilt i Hongkong, Mexico og Brasilia. Skulpturen i Hongkong blei fjerna i 2021 av University of Hong Kong.
  • Unge i glas (1997) 3,5 m høg 15 m i diameter. Ein kunstinstallasjon på Rådhusplassen i København med seks vassfylte glasbehaldarar (ein slags laboratoriekolbar) med lik av seks unge menneske (i silikon). Installasjonen tok temperaturen på den psykiske tilstanden til ungdommar i København.[8]
  • Jorden er giftig (1997) 20.000 m² kunst installasjon med 2500 kvite krossar, oppstilt i Odense som eit tidsbilete. 500 gymnasieelevar skreiv meiningane sine om kva dei sjølv vilja gjera for å imøtegå miljøproblema.[9][10]
  • Budbringeren (2000): 5 m høg koparskulptur av ein kvinneleg bodbringar iført cape, med datamaskinstyrte lystavler i bakgrunnen. Hovudskulptur under Jubilee 2000-kampanjen i Danmark, var med i verdsbank-demonstrasjonane i Praha og stod framfor hovudinngangen til miljøtoppmøtet i København, cop15.[11]
  • Hænder av Sten (2000), 2000 m² kunst-installasjon med 3000 unike barnehender i betong. Samarbeid med Amnesty om barnesoldatar.[12][13]
  • Den Tiande Plage: (2001). Kunstperformance med tusenvis av ekte dollarsetlar oppklistra på 10 lerret på 2 x 1 m måla med menneskeblod. Protest saman med Legar uten grenser mot lækjemiddelindustrien si rettssak mot Sør-Afrika sin bruk av kopimedisin.[14]
  • Den Yderste Stilhed: (2001) 12 x 6 m i kopar/tre. Performance/scenografi til eit teaterstykke av Brutalia teateret og Jonathan Paul Cook kring Ted Kazcynski ( Una-bombaren). Han fungerer no som scene på Galschiøt sin verkstad.[15]
  • Frihed til forurening: (2002). Ei seks meter høg røykjande fridomsgudinne; installasjonen skapte dialog om det vestlege fridomsomgrepet. Brukt ved miljødemonstrasjonar i Danmark, Luxembourg, Rostock, Sverige m.m.[16]
  • Survival of the Fattest (2002): 3 m høg koparskulptur av ein enorm Justitia som sit på ryggen til ein mann.
  • Hungermarchen (2002): 170 cm høg koperskulpturinstallation av 27 uthungra gutar. Skulpturane har vore med i demonstrasjonar og utstillingar mange stader i verda.
  • Mareridtet: (2002) 20 x 20 m performance/kunstinstallasjon med hundretals skulpturar, m.a. fenrisulvar som spydde ut åtte meter store eldkuler (inspirert av Hitler sin arkitekt Albert Speer og Martin Luther King sin tale «I have a dream») . Oppført på Roskilde festivalen 2005 og rundt om i Danmark.[17]
  • Fortællerbrønden (2005): stor H.C.Andersen-skulptur på Rådhusplassen i Odense til 2011. Skulpturen blei drukna i Odense hamn i 2011 under ein protestmarsj mot Odense kommune.[18][19]
  • Kogalskab: (2005). 12 m høg kunstinstallasjonsvekt med ei utstoppa ku i de n eine vektskåla og fem sveltande gutar i den andre, stilt ut på Rådhusplassen i København og på WTO-møtet i Hongkong.[20][21]
  • Guldkalven: (2005). Åtte meter høg koparskulptur av ein gullkalv belagt med bladgull. Utstilt i Gent i Belgia og no permanent på Fredericia Rådhusplass.[22][23]
  • I Guds navn (2006): Skulpturinstallasjon av kopar av ei rekkje skulpturkonstruksjonar av ei gravid krossfesta tenåringsjente.
  • The Color Orange (2008): Eit kunstprosjekt med den oransje fargen brukt som signalfarge for menneskerettskrenkingar under OL 2008 i Kina.
  • Seven Meters: (2009). Ei lang rekkje kunstinstallasjonar i samband med Cop15, miljøtoppmøtet i København. M.a. ein 24 km lang lyskjede av blinkande raude lykter i sju meters høgd gjennom heile København og rundt Bellacenteret. Prosjektet blei støtta av utanriksdepartementet.[26][27]
  • Ending Homelessness: (2010–2013) 13 koparskulpturar av heimlause i full storleik, på turne i England, Irland, Italia, Portugal, Belgia, Ungarn, Romania, Noreg og Danmark, m.a. oppstilt i Europaparlamentet. I samarbeid med projekt udenfor og Fiantsa.[28][29]
  • Flygtninge skibet M/S ANTON: (2010 til 2013). Ein flytande installasjon med 70 flyktningskulpturer i kopar på den gamle danske fiskekuttaren M/S «ANTON». Verket har vore på turne til mange kystbyar i Danmark, og la i 2013 ut på turne i Skandinavia. Samarbeid med ”levende hav”. Prosjektet blei støtta av Danida.[30][31]
  • Balanceakt: 2005-2015: Opptil tre meter høge koparskulpturar som balanserer på seks til 15 m høge stenger. Symbol for FN sitt tiår for utdanning for berekraftig utvikling (UBU). Dei har vore stilt ut i Kenya, India, Noreg, Sverige, Finland og Danmark. Fire av dei største var oppstilt på slottsplassen framfor Folketinget frå 2009 til 2012.[32][33]
  • Fundamentalism (2011/12): Kopar; 4 m høg, diameter på 9 m. Skulpturinstallasjonen består av religiøse bøker som dannar ordet «FUNDAMENTALISM»
  • 550+1 (2015): Kopar, består av 551 mini skulpturar av menn og ei kvinne. Omhandlar prostitusjon og menneskehandel.[34]
  • Unbearable (2015): Ein kopar-isbjørn i full storleik som blir spidda av ein graf over CO2-utsleppa til menneska. Utstilt på Cop21 i Paris.[35]

Bestillingsverk

[endre | endre wikiteksten]
  • The Boy Sofus.
  • Pregnant
  • Absorption
  • Somalia Sculpture
  • Shield [36]
  • The Ringwearer’s Jacket.[37]

Verk til prisar

[endre | endre wikiteksten]
  • The Showbiz of 1993
  • Wing
  • Hans Christian Andersen Prize
  • The Fernando Prize
  • The Solar Catcher
  • Kravlingprisen
  1. http://www.kunstdk.dk/kunstner/jens_galschiot/tekster/cv CV om Jens Galschiøt fra kunst.dk
  2. «Survival of the Fattest – Alt om København – AOK». Arkivert frå originalen 31. december 2009. Henta 2. december 2009.
  3. http://skabelsen.ots.dk/Kunstnerne/Kunstnerne.htm Arkivert 29. september 2012 ved Wayback Machine. Cocoon på Teknisk Skole
  4. http://www.artguidedenmark.dk/artguidedenmark/gallery/detail.asp?id=23585 Arkivert 30. juli 2012 ved Archive.is .Artguidedenmark, Foto af svinehund i Berlin
  5. «commisioned9». Arkivert frå originalen 5. marts 2016. Henta 5. februar 2012.
  6. https://www.youtube.com/watch?v=fA-bnvndPuA ,YouTube video omkring projektet.
  7. http://www.aidoh.dk/?categoryID=57 Arkivert 21. august 2016 ved Wayback Machine. , Den stille død, opsamlings webside
  8. http://www.aidoh.dk/?categoryID=82 Arkivert 21. august 2016 ved Wayback Machine., Unge i Glas, webside
  9. http://www.tornbjerg-gym.dk/page.asp?objectid=1053&zcs=2[daud lenkje]]
  10. «Jorden er giftig», aidoh.dk, arkivert frå originalen 3. april 2016
  11. http://www.aidoh.dk/?categoryID=54 Arkivert 3. april 2016 ved Wayback Machine. , Budbringerens, webside
  12. http://www.information.dk/47162, artikel information
  13. http://www.aidoh.dk/?categoryID=68 Arkivert 3. april 2016 ved Wayback Machine. , Hænder af sten, webside
  14. http://www.aidoh.dk/?categoryID=58 Arkivert 3. april 2016 ved Wayback Machine. , De tiende plage, webside
  15. http://www.aidoh.dk/?categoryID=40 Arkivert 3. april 2016 ved Wayback Machine. , Den yderste stilhed, webside
  16. http://www.aidoh.dk/?categoryID=48 Arkivert 20. december 2016 ved Wayback Machine. , Frihed til forurening, webside
  17. http://www.aidoh.dk/?categoryID=65 Arkivert 20. december 2016 ved Wayback Machine., Mareridtet, webside
  18. «H.C.Andersen - vandkunst af Jens Galschiøt». Arkivert frå originalen 24. november 2010. Henta 5. februar 2012.
  19. «Fortællerbrønden - En H. C. Andersen vandkunst». Arkivert frå originalen 3. april 2016. Henta 5. februar 2012.
  20. «Ny happening af Galschiøt - tv2fyn.dk - Fyn - Kultur». Arkivert frå originalen 13. september 2012. Henta 5. februar 2012.
  21. http://www.aidoh.dk/?categoryID=124 , Kogalskab, webside
  22. http://www.indymedia.be/index.html%3Fq=node%252F1382.html , video om guldkalven i Gent
  23. http://www.aidoh.dk/?categoryID=136 Arkivert 20. december 2016 ved Wayback Machine. , Guldkalven , opsamlings webside
  24. «H-C Andersen: Den lille pige med svovlstikkerne - og mobiltelefonen». Arkivert frå originalen 23. juli 2012. Henta 5. februar 2012.
  25. http://www.aidoh.dk/?categoryID=133 Arkivert 3. april 2016 ved Wayback Machine. , Børneliv, opsamlings webside
  26. http://www.aidoh.dk/?categoryID=280 , Seven meters opsamling, webside
  27. http://www.sevenmeters.net/ , projektet webside
  28. http://www.welcomehomeless.org/home.aspx Arkivert 7. september 2011 ved Wayback Machine. , pojket webside
  29. http://www.aidoh.dk/?categoryID=269 Arkivert 20. desember 2016 ved Wayback Machine., Homelessness opsamling, webside
  30. http://www.levendehav.dk/ , levende havs webside
  31. http://www.aidoh.dk/?categoryID=320 Arkivert 17. juni 2017 ved Wayback Machine., Flygtningeskibet M/S ANTON, opsamlings webside
  32. http://www.thebalancingact.info/ Arkivert 15. august 2015 ved Wayback Machine. , projektets webside
  33. http://www.aidoh.dk/?categoryID=66 Arkivert 20. december 2016 ved Wayback Machine., Balanceakt, webside
  34. http://www.galschiot.com/wp-content/uploads/2016/03/pjece-om-5501-jan-2016.pdf
  35. Jens Galschiøt: Derfor spidder jeg isbjørn i Paris
  36. http://www.flickr.com/photos/hanneorla/4140936060/ pictures of the cocoon Shield
  37. http://www.aidoh.dk/?categoryID=90&showAll officiel hjemmeside med billede

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Jens Galschiøt