Jens Glad Balchen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Glad Balchen

Fødd20. april 1926
Kristiansand kommune
Død12. april 2009
Trondheim
NasjonalitetNoreg
Områdedynamisk posisjonering
Yrkeprofessor
InstitusjonarNoregs tekniske høgskole
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materNoregs tekniske høgskole
Yale University

Jens Glad Balchen (20. april 192612. april 2009) var ein norsk sivilingeniør og professor, rekna som far til norsk kybernetikk .

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jens Glad Balchen var fødd i Kristiansand som som av elektroingeniør Jens Glad Balchen (1892–1977) og Ingeborg Svendsen (1895–1976). Etter eksamen artium studerte han frå 1945 ved Norges tekniske høgskole (NTH) og vart sivilingeniør (elektro) i 1949. Han tok deretter mastergrad ved Yale University i 1951.

Tilbake i Noreg vart Balchen knytt til NTH, der han oppretta eit eige institutt i faget reguleringsteknikk, eit av dei første institutta i faget i den heile verda. Han vart utnemnd til dosent i reguleringsteknikk ved NTH i 1955. Året etter gifta han seg med Inger Johanne Overbye.

Fagfeltet vart omdøypt til teknisk kybernetikk i 1970-åra. Han vart professor i 1962 og underviste fram til 1996. Balchen var professor emeritus i reguleringsteknikk ved NTNU i Trondheim fram til han døydde.

Fagleg innsats[endre | endre wikiteksten]

Jens Glad Balchen som bygde opp kybernetikkfaget ved NTH, og det vart ein spydspiss for den grunnleggjande forskinga og langsiktige studium innan automatiseringsfaget. Dei fleste norske sivilingeniørane i faget fekk utdanninga si under han og opplevde han som ein stor inspirator og ideskapar.

Jens Glad Balchen var chartermedlem og ein av medunderskrivarane på papira som førte til danninga av International Federation of Automatic Control (IFAC) då han deltok på eit møte i Heidelberg i 1956. Denne organisasjonen er mororganisasjon for Norsk Forening for Automatisering (NFA).

Balchen kombinerte det praktiske, intuitive og det teoretiske i konseptutvikling innan faget både når det gjaldt FoU-prosjekt på instituttet og i tekniske innretninger på hytta i Høvåg. I over 30 år var han oppteken av forsking og produktutvikling innan havforsking og akvakultur, og bidrog til storskalamodellar for større havområde, estimering av fiskebestandar og til å utvikla teknologi for hummaroppdrett.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Balchen vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1996 og i 2000 vart han tildelt Rosingakademiets hederspris. I 2006 vart han Fellow of IFAC. Han hadde òg vorte tildelt IEEE Centennial Medal Award, docteur honoris causa ved Université de Liège i Belgia, NFA æresmedlem og NTNF ærespris.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Reguleringsteknikk, 3 bd. (bd. 3 sm.m. M. Fjeld og O. A. Solheim), Trondheim 1963–70 (4. utg. 1984)
  • Stokastiske systemer. Estimeringsteori, Trondheim 1979
  • Strukturer i reguleringsteknikk, Trondheim 1984
  • Process control. Structures and applications (sm.m. K. I. Mummé), New York 1988
  • Multivariable stokastiske systemer (sm.m. R. Henriksen), Trondheim 1990
  • Ulineære systemer og stabilitetsteori, Trondheim 1992
  • The MOBATEL Project. Model Based Teleoperation of an Underwater Vehicle Over a Narrow Band Communication Link (sm.m. Shi Yin), Trondheim 1994
  • Reguleringsteknikk (sm.m. T. Andresen og B. A. Foss), Trondheim 1999

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]