Jens Gran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Gran
Fødd 8. oktober 1794
Bergen
Død

23. januar 1881

Yrke politikar

Jens Gran (8. oktober 179423. januar 1881) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Bergen.

Gran var son til ein kjøpmann og skipsreiar. Frå 1810 var han tilsett i faren si forretning, tre år seinare tok han sjølv borgarskap i Bergen. Åra 1814-16 tok han merkantil utdanning utanlands, særleg i Frankrike, eit land han seinare besøkte ofte. Sidan var han sjef i Jens Gran & Søn til han døydde.

I 1837 vart Gran medlem av det aller fyrste bystyret i Bergen, eit ombod han hadde til tidleg i 1850-åra då han flytta til Kalfaret, som den gongen låg utanfor bygrensa. Han var medlem av forlikskommisjonen i åtte år.

Gran representerte Bergen på Stortinget i 1839, 1845 og 1848. I 1839 var han medlem av tollkomiteen, seks år seinare var han sekretær i same komiteen, medan han i 1848 var vanleg medlem att. På 1848-tinget var han elles medlem av komiteen om statslån og om krigen i Danmark.

I 1845 var Gran medlem av ein kongeleg kommisjon om tollova, og i 1848 om statslånet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]