Jens Hagen
Utsjånad
| Jens Hagen | |||
| Fødd | 20. oktober 1832 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 21. februar 1906 (73 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Jens Anderssen Hagen (20. oktober 1832–21. februar 1906) var ein norsk garvarmeister, teglverkseigar og stortingsmann frå Romedal i Hedmark.
Hagen var son til ein gardbrukar. Sjølv var han garvarmeister i Christiania frå 1858. I 1895 kjøpte han eit teglverk og dreiv dette òg. Hagen var medlem av bystyret i Kristiania frå 1885 til -94, dei fire fyrste åra var han i formannskapet. Elles var han direktør (styreleiar) i Spareskillingsbanken i perioden 1888-1903.
Hagen var 4. representant frå Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger på Stortinget 1886-88. Han var medlem av næringskomite nr 2.
Han døydde i hovudstaden i 1906.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914