Jens Hauge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Hauge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. april 1953 (70 år)
Yrke fotograf, biletkunstnar

Jens Hauge (fødd 26. april 1953 på Hauge i Lærdal) er ein norsk fotograf og biletkunstnar. Han debuterte i 1976 med separatutstilling i Galleri 1 i Bergen, og har sidan den gongen hatt stor utstillingsaktivitet i inn- og utland. Frå byrjinga av har han eksperimentert og arbeidd langs fleire parallelle og tidvis kryssande aksar. Han er kan hende mest kjend for sine stillferdige og nærast sjølvlysande landskapsbilete i svart-kvitt, men han har òg arbeidd med surrealisme i iscenesetjingar, kvardagen, organiske former og landskap. Hauge var ein av fornyarane av det norske landskapsfotografiet på 1980-talet, noko som nådde eit høgdepunkt i nybrottsprosjektet Norsk Landskap 1987, eit samarbeid med dei tre andre fotografane Per Berntsen, Siggen Stinessen og Johan Sandborg. I den seinare tid har Hauge fotografert landskap med leikehytter (Utsiktspunkt og gøymestad)[1] og landskap tekne i fart frå buss (Gjennom.no)[2], men òg dei nære landskapa frå Lærdal. For som mange andre fotografar, arbeider Hauge ofte med fleire seriar samstundes, over tid.[3]

Relevant bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

(s) = separat, (g) = gruppe, (k) = kollektiv

Planlagde utstillingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2013 Jens Hauge, Menneske og Natur, Fotografi 1970–2012, Sogn Kunstsenter, Lærdal

Innkjøp[endre | endre wikiteksten]

Museet for samtidskunst, Norsk Kulturråd, Henie-Onstad Kunstsenter, Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, Robert Meyers samlinger, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Olav Løkkes samlinger, Bergen Billedgalleri, Billedsamlingen - Universitetet i Bergen, Det Norske Storting, Telenors kunstsamling, Statoils kunstsamling, Preus fotomuseum

Bokutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Medlemskap[endre | endre wikiteksten]

Offentlige utsmykkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Fylkessjukehuset i Lærdal (1989)
  • Postgarden i Sogndal (1996)
  • Vangsheimen i Valdres (1997–98)

Utsmykkingskonsulent[endre | endre wikiteksten]

  • Bardu Helsesenter, Troms (1992)
  • Indre Sogn Psykiatrisenter, Rutlin i Sogndal (2003–2007)
  • Påbygg 2000, Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, Helse Førde (2005–2006)

Stipend o.l.[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jens Hauge si heimeside
  2. www.gjennom.no
  3. nb:Ingrid Norum, Jens Hauge – Fotografi 1970-2012, Skald forlag, Leikanger, 2012.
  4. Heimesida til Forbundet Frie Fotografer
  5. Heimesida til Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane