Jens Knutsen Maurseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Knutsen Maurseth
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. august 1863
Hornindal
Død

29. september 1927 (64 år)

Yrke fotograf
Jens Knutsen Maurseth på Commons

Jens Knutsen Maurseth (8. august 186329. september 1927) var ein norsk fotograf fødd i Hornindal.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mauseth gjekk i fotograflære i Bergen og starta som fotograf på Nordfjordeid ca. 1885. Han flytte til Stryn like før hundreårsskiftet og hadde ei kort tid atelier saman med ein annan person i firmaet Maurseth & Tørkildsen. Maurseth fotograferte i Stryn til sin død i 1927. I folketellinga for 1900 står det at han også dreiv som blikkenslager. Maurseth tok bilete for turistmarknaden, som til dømes bilete av turistattraksjonar, hotell og turistskip. I tillegg tok han bilete for den lokale marknaden, som portrettfoto, bryllaupsfoto og bilete teke på oppdrag for lokale verksemder. Maurseth var ein produktiv fotograf.

Arva etter Maurseth[endre | endre wikiteksten]

Då Mauseth døydde, vart kamerautstyret hans selt på auksjon saman med innboet, men negativa var det ingen som ville kjøpe. Desse vart liggande i huset til det skulle seljast i 1944/45. Glasplatene vart levert på garden til Anders Vik, der sonen Ola ville bruke dei til å bygge drivhus. Det vart ikkje noko av drivhuset, og glasplatene vart lagra på loftet på verkstaden til Anders Viks. I 1950 skulle verksteden utvidast, og negativa vart køyrde på søppelhaugen. Ei einaste kasse med 310 negativ vart ståande igjen. Desse tok Ola Vik vare på og i 1975 gav han dei til Stryn bibliotek.

I tillegg til desse 310 frå garden til Anders og Ola Vik, dukka det opp 331 glasplater til, som også vart gitt til Stryn bibliotek. Desse var det lærar Knut Osvold i Skei i Jølster som fann på Dispen i Stryn. I mai 1978 fann Lars R. Lunde først meir enn 1.000 av Maurseth sine negativ på loftet hjå Marta Klemetsdtr. Jacobsen i Stryn, og så ei kasse med negativ oppbevart ein annan stad. Til saman er nesten 2.000 av Maurseth sine glasnegativ redda. I 1992 vart heile denne samlinga overlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jens Knutsen Maurseth, Lokalhistoriewiki.no
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane på Flickr
  • Albertsen, Ragnar H.: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fotoavdelinga (muntlige opplysninger?)
  • Albertsen, Ragnar H.: «Ei kjelde å ause frå. Lars Lunde sitt fotohistoriske arkiv er flytta til Nordfjord Folkemuseum», i «Jul i Nordfjord», utg. Firda ungdomslag, 1987.
  • Fotografen Jens Knudsen Maurseth, Kjelda, utg. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 1-1992.
  • Denne artikkelen byggjer på Jens Knutsen Maurseth ved lokalhistoriewiki.no, basert på data frå Preus Museums-registera over norske fotografar og fotografiske samlingar. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa.