Jens Lieblein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Lieblein

Fødd23. desember 1827
Christiania
Død13. august 1911
Eidsvoll kommune
NasjonalitetNoreg
Områdeegyptologi
Yrkefilolog, egyptolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnSeverin Lieblein

Jens Daniel Carolus Lieblein (23. desember 182713. august 1911) var ein norsk egyptolog frå Kristiania. Han var far til Severin Lieblein.

Lieblein vart student i 1855 og cand.mag. i 1861. Same året reiste han til Berlin for å studere egyptologi under Karl Richard Lepsius og Heinrich Brugsch. Med statsstønad heldt han fram studiane i Paris, Torino, London og Leiden. I 1869 var han Noregs representant då Suez-kanalen vart opna.

Frå 1867 var Lieblein stipendiat i egyptologi ved Universitetet i Kristiania. I 1876 vart han utnemnd til ekstraordinær professor i egyptologi. Han arbeidde både med egyptisk språk, kultur, religion og historie. Særleg var han oppteken av kronologi. Han var «den fyrste verkelege egyptologen i Norderlanda» og reiste rundt i Egypt i 1887–88 og i 1899–1900. Mange av verka hans er forelda, men Hieroglyphiches Namnewörterbuch som kom ut i tida frå 1871 til 1892 er ei bra kjelde.

Frå 1902 var Lieblein den fyrste formannen i Bymålslaget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]