Jens Ludvig Paul Flor
Jens Ludvig Paul Flor | |
| |
Fødd | 15. mars 1827 Trondheim |
---|---|
Død | 7. april 1887 (60 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Høgre |
Yrke | politikar, handelsmannn, tollar, bankkasserer |
Jens Ludvig Paul Flor (15. mars 1827–7. april 1887) var ein norsk handelsmann, bankmann, tollar og poltikar frå Kristiansund. Han var stortingsmann frå fødebyen i tida 1865-79.
Flor var son til ein kaptein. 18 år gammal tok han til som handelsbetjent i heimbyen, og dreiv eigen handel frå 1857. I 1863 fekk han jobben som kasserar i den lokale sparebanken, ei stilling han hadde til han i 1877 lukkast å verte tollinspektør i Trondheim.
Flor representerte Kristiansund på Stortinget i fem etterfylgjande stortingsbolkar. På tinget var han 1865-66 medlem i Tollkomiteen, 1868-69 sekretær i Næringskomite nr 1, medlem i Konstitusjonskomiteen 1871 og frå 1872 til 1879 formann i Tollkomiteen. Han var elles sekretær i Odelstinget 1871-73 og i Stortinget 1874-76.
Flor var med i den kongelege tollkommisjonen av 1874, og av den parlamentariske skattekommisjonen av 1877. I 1873 var Flor med i deputasjonen Stortinget sendet til kryninga av Oscar II i Trondheim.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Jens Ludvig Paul Flor NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1827
- Døde i 1887
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar for Kristiansund
- Ordførarar i Kristiansund
- Ordførarar i Trondheim
- St. Olavs Orden
- Nordstjerneordenen
- Norske handelsfolk
- Norske bankfolk
- Norske embets- og tenestefolk
- Folk frå Kristiansund