Jens N. Selboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens N. Selboe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1829
Skedsmo kommune
Død

7. mai 1905 (76 år)

Yrke politikar, bonde
Far Lars Petter Selboe

Jens Nicolai Selboe (7. mai 18297. mai 1905) var ein norsk gardbrukar, vaktmeister og politikar frå Skedsmo. Han representerte Akershus amtStortinget i tida frå 1868 til -79.

Selboe var son til Lars Petter Selboe. Etter faren døydde i 1856 tok han over farsgarden Kjeller og dreiv denne til 1879. Han fekk då stillinga som vaktmeister ved distriktsfengselet for Akershus amt på Strømmen, ei stilling han hadde til sine eldste dagar.

Selboe var medlem av heradsstyret i Skedsmo frå 1857 til 1883, ordførar i periodane 1857-59 og 1867-75. Elles var han forlikskommissær 1867-73, åstadskommissær 1890, styreformann 1868-74 i den lokale sparebanken. 1892-93 var han formann i Akershus amtsskattekommisjon.

Frå 1868 til 1879 var Selboe stortingsmann frå Akershus amt. På Stortinget var han alle sesjonane medlem i Tollkomiteen, sekretær 1877-79. I tillegg var han 1874-76 med i Valkomiteen, 1875-79 i Skattekomiteen og 1877-79 i Lagtinget. Han var i 1873 mellom dei Stortinget sende til kongekroninga i Stockholm i mai 1873.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]