Jens Olavson Espedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Olavson Espedal

Opphavsperson: ukjent.
Fødd 5. februar 1898
Død

13. november 1925 (27 år)

Yrke skribent
Sjanger Dikt, prosa
Debut Kvardagskvæde, 1926

Jens Olavson Espedal (fødd 5. februar 1898 på Espedal, død 13. november 1925)[1] var ein radikal forfattar med røter i bondesamfunnet. Han var elev ved Mo jordbruksskule i Førde i 1917 og ved Voss folkehøgskule 1920 til 1921.

Diktsamlinga Kvardagskvæde vart gjeven ut posthumt av slektningar i 1926 året etter at Espedal døydde 27 år gamal. Aasulv Stave meldte lyrikkboka til Jens Olavson Espedal i avisa Firda Folkeblad i april utgjevingsåret og i omtalen heiter det mellom anna «...stemningsfulle dikt i ei lett skyneleg og folkeleg form utan store fakter».[2] Bokmeldar Stave var uroa over sjukdomen som til slutt kravde livet til Espedal, og dette kom til uttrykk i eit dikt kalla «Til Den sjuke Sunnfjorddiktaren» publisert i Firda Folkeblad to månadar før Espedal døydde.[3]

Jens Olavson Espedal fekk også på prent dikt i målbladet Unglyden, i det litterære tidsskriftet Ung Norig og avisa Gula Tidend. Han sette om dikt av Gustav Fröding frå Sverige, og fekk dei prenta i Gula Tidend.[4]

Aasmund Olavsson Vinje var ein særs viktig inspirasjonskjelde for Jens Espedal, og mellomnamnet Olavsson henta han frå Vinje.

Jakob Sande var inspirert av radikalismen til Jens Olavson Espedal, meiner Sande-biograf Ove Eide.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

1926 – Kvardagskvæde (Svorkmo: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gallis (redaktør) "Nynorsk bokliste" 1942, side 48 og Lund-Iversen 1990, side 147
  2. Firda Folkeblad 30.4 1926, side 2
  3. Firda Folkeblad 15.9.1925, side 1
  4. Eide 2002, s. 178.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]