Jens R. Nilssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jens Richard Nilsen (28. august 188028. februar 1964) var ein norsk teiknar og illustratør. Han laga ei mengd karikaturar, vitseteikningar og teikneseriar frå 1905 og nesten seksti år framover, ofte under signaturen Jens R.

Jens R. Nilssen vart fødd og voks opp på Valberg i Lofoten. Han gjekk på Kunst- og handverksskulen i Oslo, reiste så til Peder Severin Krøyer sin målarskule i København. Han fekk med måleriHaustutstillinga i 1905 og i 1907. Frå då av tok han til å teikne i satiriske moroblad som Hvepsen, Humoristen og Karikaturen. Etter kvart vart han ein av dei mest brukte og kjende illustratørane i landet. Han illustrerte også mange bokomslag og barnebøker. Jens R. er likevel mest kjend som ein teikneseriepioner med Smørbukk og Tuss og Troll for Norsk Barneblad, Vangsgutane for Fonna Forlag og Haukepatruljen, frå 1930 til 1959, for Ukemagasinet. Desse vart etter kvart samla i eigne hefte.

Kjennemerket på teikningane til Jens R. er ein tynn og presis pennestrek i ein stil som kombinerer realisme, karikatur og solid teiknehandverk. Jens R. var uvanleg produktiv. Han skal ha laga rundt tusen teikningar for året i over femti år. Teiknestilen hans forandra seg praktisk talt ikkje i desse åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]