Jens Schaanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Schaanning
Fødd 11. januar 1804
Porsgrunn
Død

13. september 1886
Kristiansund

Jens Christian Folkman Schaanning (11. januar 180413. september 1886) var ein norsk prest og politikar, innvald på Stortinget tre gongar. Johan Schaanning var halvbror hans.

Schaanning var fødd i Porsgrunn, faren hadde tittel som forvaltar. Han vart student frå Drammens skole i 1822 og cand. theol. i 1826. I heile 46 år, 1828-74, var han sokneprest i Kristiansund. Perioden 1858-70 var han også prost i ytre Nordmøre. Han var mangeårig medlem av bystyret, ei tid ordførar, samt medlem av forlikskommisjonen.

Schaanning representerte Kristiansund og Molde på Stortinget 1848, og einast Kristiansund på Stortinget 1851 og 1859-60. Både 1848 og 1851 var han medlem av justiskomite nr 1, i 1851 også medlem av Lagtinget og av lovkomiteen. 1859-60 var han medlem av militærkomiteen.

Han døydde i Kristiansund i 1886.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]