Jens Steffensen
| Jens Steffensen | |||
| Fødd | 23. mars 1891 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 17. oktober 1961 (70 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, fiskar | ||
| Alle verv |
| ||
Jens Olai Steffensen (fødd 23. mars 1891 i Bø i Vesterålen, død 17. oktober 1961) var ein norsk politikar (Ap) og fiskarlagsformann. Han var blant anna stortingsrepresentant, formann i Noregs Fiskarlag og styreformann i Noregs Råfisklag.
Jens Steffensen var opphavleg fiskar og anleggsarbeidar. Han var stortingsrepresentant for Nordland mellom 1934 og 1957, ordførar i Bø ein kort periode i 1945, og varaordførar mellom 1934 og 1941. Han var formann i Noregs Fiskarlag 1937-1941 og 1945-1951, og styreformann i Noregs Råfisklag mellom 1952 og 1961.
Steffensen var ein kjend, men omstridd fiskeripolitikar. I 1951 gjekk leiinga i Arbeidarpartiet inn for å liberalisere trålarlova. I Fiskarlaget, med Jens Steffensen i spissen, var det sterk motstand mot dette, og Steffensen klarte å mobilisere eit fleirtal i Arbeidarpartiets stortingsgruppe mot forslaget. Forslaget vart likevel vedteke med støtte frå dei borgarlege partia. Som følgje av dette dekk han sidan motstand frå leiinga i sitt eige parti.
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 1954-1957 formann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen
- 1954-1957 medlem i Valgkomitéen
- 1950-1953 formann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen
- 1950-1953 medlem i Valgkomitéen
- 1945-1949 formann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen
- 1945-1949 medlem i Valgkomitéen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1891
- Døde i 1961
- Stortingsrepresentantar for Nordland
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1934-1936
- Stortingsrepresentantar 1937-1945
- Stortingsrepresentantar 1945-1949
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Ordførarar i Bø i Nordland
- Ap-ordførarar i Nordland
- Folk frå Bø i Nordland