Jens Thaulow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Thaulow
Fødd 25. november 1777
Kristiansand
Død

18. mai 1862
Jevnaker

Yrke sorenskrivar, politikar

Jens Gram Thaulow (25. november 177718. mai 1862) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kristiansand.

Thaulow var son til ein by- og rådstuskrivar. Han tok dansk embetseksamen i 1797 og arbeidde frå 1798 som justissekretær i heimbyen. År 1805 tilsett som fullmektig i rentekammeret i København. Den lange perioden 1808 til 1860 var han sorenskrivar i Hadeland og Land.

Thaulow representerte Kristians amtStortinget i 1827 og på omframstortinget året etter. I 1827 var han sekretær i Odelstinget, justiskomiteen og komiteen om Larviks grevskap samt medlem av komiteen om kjøpstad på Oplandene. 1828 var han sekretær i Stortinget og i reglementskomiteen.

I si tid som sorenskrivar budde han på Jevnaker, der han døydde i 1862.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]