Jens Thue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Thue
Fødd 7. mars 1819
Død

8. juni 1880

Yrke politikar

Jens Thue (7. mars 18198. juni 1880) var ein norsk offiser, veginspektør og stortingsmann frå Grimstad.

Thue var son til ein kjøpmann. Sjølv gjekk han i bokbindarlære i hovudstaden frå han var 15 til 18 år gammal. I 1838 vart han tilsett som underoffiser ved det norske gevorbne jegerkorps. Samstundes fekk han høve til lese privat til eksamen, som ein av dei siste privatistane tok han eksamen ved krigsskulen i 1840. Deretter var han sekondløytnant i kristiansandske brigade til han i 1858 vart forfremja til kaptein i same brigaden. Frå 1848 til -52 var han assistent hos veginspektøren i Bratsbergs amt, sidan var han sjølv veginspektør i Bratsberg i 23 år. I 1875 vart Thue utnemnd til oberstløytnant for Stavanger bataljon. I sistnemnde posisjon leia han oppbygginga av militærleiren på Madla.

Thue budde i Kristiansand til 1848. Han flytta då til Seljord og var busett der til han i 1867 busette seg i Skien. På stortinget 1865-66 var han Bratsberg amt sin tredjerepresentant og hadde plass i militærkomiteen.

Han døydde i Stavanger i 1880, 61 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]