Jens Zetlitz Monrad Kielland
Jens Zetlitz Monrad Kielland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juli 1866 Stavanger kommune |
Død | |
Yrke | arkitekt |
Far | Jacob Kielland |
Jens Zetlitz Monrad Kielland på Commons |
Jens Zetlitz Monrad Kielland (fødd 29. juli 1866 i Stavanger, daud 8. august 1926 i Oslo) var ein norsk arkitekt og professor i byggekunst ved Noregs tekniske høgskole i Trondheim 1912–18. Han var son av Jacob Kielland og mor Diderikke Jørgine Kielland og far til Jacob Christie Kielland og Else Christie Kielland. Han var assistent for Schak Bull i 1894 og starta eige kontor i Bergen i 1895. Han fekk tidleg i karrieren ei rekkje omfattande oppdrag som Gamlehaugen til Christian Michelsen i 1899 og den nye Tyskebryggen i 1900. Arkitekturen til Kielland var stilmessig ofte nasjonalt og regionalt forankra, sjølv om den internasjonale jugendstilen òg er svært utprega i mange av bygningane hans. I Bergen fekk han oppført ei rekkje andre offentlege og private byggverk, mellom dei jernbanestasjonen. Etter bybrannen i Ålesund i 1904 teikna han ei rekkje av dei nye husa i byen. Han arbeidde seinare som arkitekt i Kristiania.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Gamlehaugen i Bergen.
-
Det hvite hus i Bergen er teikna av Kielland i jugendstil
-
Liljeornamentikk over inngangspartiet på Det khite hus i Bergen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jens Zetlitz Monrad Kielland» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2020.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Torvanger, Åse Moe (1983) «KIELLAND, Jens Zetlitz Monrad». I: Norsk kunstnerleksikon, bind 2. ISBN 8200065359 (Les i fulltekst)